Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1995

27.1. legg Ottar Grepstad fram forprosjektet for Ivar Aasen-året 1996 (sjå 1994, 1996).
 
16.3. skipar Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag Stiftinga Ivar Aasen-året 1996, med Bente Vatne som styreleiar. Einar Schibevaag blir tilsett som dagleg leiar og tek til i stillinga sommaren 1995.
 
25.4. kjem nr. 3/1995 av vekebladet Tique ut. På framsida er det tilvising på nynorsk til ein artikkel av Arne Hjeltnes i bladet (sjå 2007).
 
15.6. tek Einar Schibevaag til i stillinga som dagleg leiar for Ivar Aasen-året 1996 (sjå 1994, 1996).
 
23.6. gir Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet tilsegn til Høgskulen i Volda om to professorat til det nye Ivar Aasen-instituttet ved høgskulen. Instituttet skal vere knutepunkt for nynorsk skriftkultur i Noregsnettet.
 
17.11. vedtek Stortinget mot 6 røyster å byggje Ivar Aasen-tunet i Ørsta med ei kostnadsramme på 40 mill kroner. Staten tek på seg dei årlege driftskostnadene ved tunet (sjå 1940). Ørsta kommune, Volda kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune vedtek i 1996 sine løyvingar til tunet.
 
1.12. vedtek Odelstinget med 55 mot 22 røyster i formålsparagrafen for NRK AS å ”fremme bruk og respekt for norsk språk og passe på at våre to offisielle målformer er representert med minst 25 pst. av ordsendingene i radio, fjernsyn og NRKs informasjonsvirksomhet”. Lagtinget sluttar seg til 18.12. (sjå 1970).
 
Kringkastingsringen gir ut første nummer av det nye lagsbladet Kringom.
 
Opera Software presenterer sin første nynorskversjon av nettlesarprogrammet Opera.


Sist oppdatert: 03.01.2012