Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1997

1.1. set fire elevar ved Hamar katedralskule i gang den første underskriftsaksjonen på Internett mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. 2.7. har 1760 elevar skrive seg på.
 
11.1. blir Ivar Aasen-året 1996 avslutta med konsert i Grieghallen i Bergen.
 
23.1. vedtek representantar for 17 nynorske institusjonar, organisasjonar og forretningstiltak å skipe samarbeidsorganet Nynorsk Forum. Ottar Grepstad er sekretær.
 
7.3.1997 kjem første nummeret av Årdal og Lærdal Avis ut i Årdal med Ole Johannes Øvretveit som redaktør. Siste nummeret kjem 30.6.2002.
 
5.4. vedtek landsmøtet i Høgre for første gong valfri skriftleg sidemålsundervisning.
 
13.5. streikar 35 000 elevar i den vidaregåande skulen i protest mot framlegget til ny opplæringslov frå regjeringa Jagland, der kravet om lærebøker på same tid til same pris på begge målformene er teke ut (sjå 1974).
 
I juni gir Det Norske Samlaget ut den første nynorske CD-ROM-plata: Ivar Aasen, redigert av Oddmund L. Hoel.
 
14.8. publiserer gruppa Nynorsk Elevgerilja ei nynorsk piratutgåve på Internett av læreboka Informasjonsbehandling grunnkurs. Programvarebehandling Word 6.0 og Excel 5.0. Informasjonsbehandling av Liv Toril Kvaløy Seter, utgitt av Økonomiforlaget. Publiseringa er ein protest mot at forlag ikkje respekterer lovkravet om lærebøker på begge målformer til same tid og til same pris. 15.8. søkjer Økonomiforlaget om dispensasjon frå lova for den aktuelle boka. 18.8. pålegg Namsretten elevgeriljaen å fjerne boka frå Internett. Det blir gjort same dagen.
 
28.8. gjer Høgre-byrådet i Oslo framlegg om forsøk med valfri sidemålsundervisning (sjå 2000).
 
11.9. avslår for første gong Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet v/statsråd Reidar Sandal søknader om dispensasjon frå lovkravet om at lærebøkene skal kome ut i begge målformene.
 
Norsk Barneblad gir ut det første teikneseriealbumet med Annika (sjå 1991).


Sist oppdatert: 28.08.2014