Hopp til innhold

Eit språk blir til: 1998

23.4. ligg Nynorsk faktabok 1998 av Ottar Grepstad føre (sjå 2005, 2010).
 
24.–26.4. blir Norsk kulturhelg for første gong arrangert i Oslo.
 
9.6. kjem første nummeret av Ytre Sogn Avis ut i Høyanger med Rune Sviggum som redaktør.
 
13.10. legg Einar Schibevaag fram forprosjekt for Garborg-året 2001 etter eit initiativ frå Time, Asker, Oslo og Tynset kommune to år tidlegare (sjå 2001).
 
Digitaliseringa av setelarkivet til Norsk Ordbok blir fullført, og Dokumentasjonsprosjektet er dermed avslutta (sjå 1991). Forvaltninga og utviklinga vidare blir overlaten til etterfølgjarorganet Eining for digital dokumentasjon (DOK). I samband med dette skipa Norsk Ordbok til dagskonferansen ”Nynorsk på nettet” i januar 1999.
 
Olaug Nilssen debuterer med romanen Innestengt i udyr på Det Norske Samlaget.
 
Gunnhild Øyehaug debuterer med diktsamlinga Slaven av blåbæret på Det Norske Samlaget.


Sist oppdatert: 28.08.2014