Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2000

17.1. tek Aksjon Nynorsk Data til for få fram nynorskversjonar av dei mest brukte dataprogramma. Ragnhild Bjørge leier aksjonen, som er finansiert av Det Norske Samlaget, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nynorsk kultursentrum. Aksjonen blir avslutta 1.9. og munnar ut i eit opprop frå 110 ordførarar og over 400 rektorar.

26.4. opnar Nynorsk kultursentrum nettstaden www.aasentunet.no.

13.6. blir Kulturdepartementet v/statsråd Ellen Horn og Universitetet i Oslo v/rektor Kaare Norum samde om finansieringsmodellen for prosjektet Norsk Ordbok 2014. Departementet løyver lønsmidlane, universitetet driftskostnadene og løn til fire stillingar.

22.6. opnar statsråd Ellen Horn Ivar Aasen-tunet, det nasjonale dokumentasjons- og opplevingssenteret for nynorsk skriftkultur. Under opningshøgtida deler Nynorsk kultursentrum for første gong ut den årlege prisen Årets nynorskbrukar, som går til høgsterettsdommar Karl Arne Utgård. Saman med nybygget står også eit nytt uteamfi, finansiert med tilskot frå Norsk kulturråd, Tusenårsskiftet Noreg 2000, og 36 kommunar og fylkeskommunar.

29.6. gir Samlaget ut Ivar Aasens Ordbog over det norske Folkesprog med latinske bokstavar. Det er Terje Aarset og Kristoffer Kruken som har stått for arbeidet.

6.8. tek Høgre-byrådet i Oslo til orde for at elevane i vidaregåande skule ikkje lenger skal ha obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. Liknande framlegg kjem frå ulike kantar av landet dette året (sjå 1997).

7.9. skipar Ulvik herad og Hordaland fylkeskommune Olav H. Hauge-stiftinga. Føremålet er å arbeide med dokumentasjon og formidling av forfattarskapen til Olav H. Hauge og gjere diktarheimen til Hauge til eit litterært museum om forfattaren (sjå 2009, 2010, 2011 og 2014).

1.10. blir Stephen Walton tilsett som professor og instituttleiar ved Ivar Aasen-instituttet i Volda.

14.11. gir Universal Music ut cd-en Kråkeviks songbok med Herborg Kråkevik og TrondheimSolistene med ni songar på nynorsk og dialekt, og fem på bokmål. På to månader har 186 000 kjøpt plata. I november 2002 har salet kome opp i 208 000, til då truleg det største salstalet for noka nynorskredigert plate (sjå 2009).

24.11. sluttar Stortinget seg til framlegget frå regjeringa Stoltenberg i St.meld. nr. 22 (1999–2000) Kjelder til kunnskap og oppleving om å fullføre Norsk Ordbok innan 2014.

Tredje utgåva av Nynorskordboka ligg føre.

Ragnfrid Trohaug debuterer med ungdomsromanen Okkupert kjærleik på Det Norske Samlaget.


Sist oppdatert: 09.03.2017