Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2002

18.4. legg kulturkomiteen i Stortinget fram Innst. S. nr. 142 (2001–2002) om mediepolitikk. Der skriv fleirtalet, alle utanom Framstegspartiet, i ein merknad at «de små lokalavisene har i tillegg en viktig funksjon i forhold til ivaretagelse av nynorsk og nyansene i norsk språk generelt». I plenumsdebatten 25.4. seier Eli Sollid Øveraas (Sp) at «i tillegg bidreg dei til å styrkje det nynorske språket, i og med at mykje av stoffet i desse avisene ligg føre på nynorsk». Fram til 2009 er dette så godt som alt som er blitt sagt frå talarstolen i Stortinget om pressestøtta i eit språkpolitisk perspektiv (sjå 1969, 1973, 2009).
 
29.4. blir Kristin Bakken tilsett som prosjektdirektør i Norsk Ordbok 2014. Etter framlegg i St.meld. nr. 22 (1999–2000) blir ordboksarbeidet no trappa opp.
 
I august. tek det første kullet med ti masterstudentar i nynorsk skriftkultur til på Høgskulen i Volda.
 
26.8. vedtek styret i NRK at det skal opprettast eit nynorsk kompetansesenter i Førde.
 
3.10. blir det kjent at Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvt 60 000 kroner til nynorskversjon av programpakken OpenOffice. Fylkeskommunane Akershus, Sør-Trøndelag og Møre og Romsdal har sommaren 2002 fått omsett OpenOffice til bokmål (sjå 2003).
 
9.10. hevdar redaksjonen i Rikets tilstand i TV2 at Norsk Målungdom i lengre tid har juksa med medlemstala for å få utbetalt offentleg støtte. Dagen etter opplyser Økokrim at dei vil etterforske saka. 11.10. søkjer leiar i Noregs Mållag, Vidar Lund, permisjon etter skuldingane som er retta særleg mot han (sjå 2003 og 2004).
 
7.11. tek Nynorsk kultursentrum over nettstaden Den elektroniske bokhylla og opnar samstundes Nettbiblioteket på www.aasentunet.no.
 
12.11. vedtek Odelstinget samrøystes å oppheve den såkalla tilnærmingsparagrafen i lov om Norsk språkråd frå 1971, der det heiter at institusjonen skal «støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen» (sjå 1971).
 
Band IV av Norsk Ordbok, gigle – harlemmerolje, blir gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktør er Lars S. Vikør, og bandet er redigert av Olaf Almenningen, Reidar Bø, Oddrun Grønvik, Arnbjørg Hageberg, Tor Erik Jenstad, Laurits Killingbergtrø, Magne Myhren, Sigurd Nordlie, Gudrun Dahler Vik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren.

Først publisert: 22.10.2009
Sist oppdatert: 03.01.2012