Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2004

I januar set Per Vidar Raunholmen og Ole Jacob Eide i Kristiansand og Stavanger i gang Raude Media, eit nytt nynorsk pressebyrå.
 
8.1. går Drangedalsposten i Drangedal over til å bli redigert på nynorsk etter å ha kome ut sidan 1989. Det varer så lenge Sigbjørn Høidalen er redaktør, til 2006. Då avisa blei skipa i 1989, var noko stoff på nynorsk, også delar av dei formelle skipingsdokumenta.
 
13.2. vinn rapgruppa Side Brok frå Hovdebygda på Sunnmøre prisen ”Årets urørt” på Bylarm-festivalen i Bergen. Dei får heile 61,5 % av røystene.
 
18.3. avgjer Kultur- og kyrkjedepartementet at dei statlege helseføretaka kjem inn under lov om målbruk i offentleg teneste.
 
1.4. sluttar Stortinget – alle partia utanom Framstegspartiet – seg til synspunkta frå regjeringa Bondevik i St.meld. nr. 48 (2002–2003) Kulturpolitikk fram mot 2014 om ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur fram mot 200-årsjubileet for Ivar Aasen i 2013 (sjå 2003).
 
2.4. legg regjeringa Bondevik fram St.meld. nr. 30 (2003–2004) Kultur for læring. I meldinga føreset regjeringa at det framleis skal vere obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning i både ungdomsskulen og vidaregåande skule, men gjer framlegg om at eigen sidemålseksamen skal bort i ungdomsskulen, at det skal vere trekkfag til eksamen i vidaregåande skule og at det skal opprettast eit kompetansesenter for nynorsk i opplæringa ved Ivar Aasen-instituttet i Volda (sjå 2005, 2008).
 
19.4. gir Universal music ut cd-en Luring av Odd Nordstoga. Etter to dagar har han selt like mange plater som han til då har selt i alt av dei fem platene han har gitt ut før, og plata går rett til topps på VG-lista. Der blir den verande det meste av sommaren. Den store sommarslageren er ”Kveldssong for deg og meg” med tekst av Ragnar Hovland, eit dikt frå samlinga Elefantmusikken i 1985. Hausten 2006 er det selt 160 000 eksemplar av cd-en.
 
11.6. gjer regjeringa Bondevik framlegg om å oppheve lov av 18.6.1971 om Norsk språkråd.
 
17.6. handsamar Stortinget Innst.S. nr. 268 (2003–2004). Regjeringspartia og Arbeidarpartiet er blitt samde om at sidemål skal vere ein del av norskeksamen i ungdomsskulen og at dei nye nasjonale prøvene som etter kvart truleg vil erstatte eksamen, også skal femne om ferdigheitene i sidemål.
 
1.8. blir dei første artiklane publiserte i nynorskutgåva av det digitale dugnadsleksikonet Wikipedia (sjå 2005).
 
5.8. gir teikneserieskaparen Øystein Runde ut albumet Bjartmann.
 
18.8. får Kjartan Fløgstad den chilenske presidentens Neruda-medalje i høve hundreårsjubileet for Pablo Neruda. I alt deler Chile ut hundre slike medaljer over heile verda. I januar fekk Fløgstad også Bernard O'Higgins-ordenen for bøkene sine om Latin-Amerika og omsetjingane sine av chilensk litteratur.
 
27.8. set Borgarting lagmannsrett ned straffene for dei seks dømde i medlemsjukssaka (sjå 2002, 2003). Tre blir dømde til fengsel i seks månader, av dette ein månad utan vilkår. To blir dømde til fengsel i 120 dagar, av dette 20 dagar utan vilkår. Éin blir dømd til fengsel i 120 dagar, av dette 15 dagar utan vilkår.
 
2.9. opnar statsråd Valgerd Svarstad Haugland NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Tidlegare distriktsprogramsjef Magni Øvrebotten er dagleg leiar; ho blei tilsett 3.3.
 
3.9. opplyser Agder og Telemark bispedømme v/biskop Olav Skjevesland at dei vil søkje om dispensasjon frå mållova. 4.11. blir det kjent at Kultur- og kyrkjedepartementet har avslått søknaden.  
 
6.9. seier Utdanningsdirektoratet ja til ein søknad frå Oslo kommune om at eitt årskull elever i tre år i studieretning for allmenne, økonomiske og administrative fag, studieretning for musikk, dans og drama og studieretning for idrettsfag ved ni vidaregåande skular skal prøve munnleg sidemålsundervisning i tre år, med vitskapleg følgjeforsking. 814 av 996 elevar seier ja til å vere med (sjå 2007, 2008).
 
4.10. blir det nynorske tuntreet, den såkalla Storebjørka i Ivar Aasen-tunet, skadd i stormkast. Heile treet blir teke ned 16.11.2005.
 
11.11. blir nynorskversjon av NettBank teken i bruk. Nynorskversjonen er utvikla av Sparebanken Volda Ørsta og Voss Sparebank, med hjelp frå Nynorsk kultursentrum og Voss Mållag.
 
18.11. vedtek Odelstinget samrøystes å oppheve lov om Norsk språkråd frå 1971. Eit nytt kompetanseorgan tek over og får i 2005 namnet Språkrådet (sjå 2005).
 
20.11. kårar VG-lesarane ordet ”kjærleik” til det vakraste ordet i norsk språk.
 
3.12. blir det første møtet i Forskarnettverk for nynorsk skriftkultur halde i Oslo, etter initiativ frå Ivar Aasen-instituttet.
 
17.12. legg Kultur- og kyrkjedepartementet fram forslag om endringar i lov om stadnamn. Departementet vil at utgangspunktet for stadnamn i skrift no skal vere ”den lokale talemålsforma”, ikkje som før ”den nedervde lokale uttalen”.


Sist oppdatert: 28.08.2014