Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2005

1.1. er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i drift ved Høgskulen i Volda med Anne Steinsvik Nordal som mellombels prosjektleiar.
10.2. blir band V av Norsk Ordbok, harm – jåttut, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktør er Lars S. Vikør, og bandet er redigert av Olaf Almenningen, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Arnbjørg Hageberg, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Magne Myhren, Sigurd Nordlie, Ålov Runde, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Oddmund Vestenfor, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren.
17.2. gir Sandnes tingrett Noregs Mållag rett i at Sandnes kommune inntil vidare ikkje kan blande bokmåls- og nynorskelevar i same klassen viss foreldra ikkje ønskjer det. Kommunen gjorde dette ved tre skular frå hausten 2004. Sandnes kommune ankar saka til Gulating lagmannsrett (sjå 23.5. og 24.6.)
19.2. har Det Norske Teatret premiere på framsyninga ”Peer Gynt” i Robert Wilsons regi, omsett til nynorsk av Jon Fosse.
22.2. fastset Kultur- og kyrkjedepartementet at systemet med hovud- og sideformer skal haldast oppe for nynorsk, medan ein ny rettskrivingsnormal for bokmål, der dette skiljet er oppheva, skal gjelde frå 1.7.2005.
26.2 blir Odd Nordstoga kåra til ”Årets mannlige artist” og ”Årets spellemann” under den årlege Spellemannpris-utdelinga i Oslo (sjå 1999, 2004).
17.3. signerer Utdanningsetaten i Oslo og Nifu Step avtale om plan for evaluering av sidemålsforsøket i Oslo.
29.3. sender NRK2 det første av tre program i serien ”Radio Røynda” av programskaparane Finn Tokvam, Halvor Folgerø og Odd-Erik Lothe.
30.3. opnar statsråd Kristin Clemet Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa, som kom i stand etter eit initiativ frå henne.
31.3. legg Det Norske Samlaget og Nynorsk kultursentrum fram ein omfattande prosjektpresentasjon for eit nynorsk digitalt leksikon (sjå 1999, 2001, 2002, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010).
15.4. lanserer Noregs Mållag underskriftskampanjen ”Slepp nynorsken til!”, særleg retta mot riksavisene. Blant dei som skriv under, er statsrådane Valgerd Svarstad Haugland, Dagfinn Høybråten og Lars Sponheim. Etter to månader har 25 000 skrive under (sjå 2006).
26.4. kunngjer Moderniseringsdepartementet at ein ny bokavtale skal gjelde frå 1.5. Korleis dei nye reglane skal sikre at lærebøker ligg føre til same tid og til same pris på begge målformer, er ikkje avklara.
27.4. sender 46 samfunnstoppar frå mange ulike sektorar brev til statsminister Kjell Magne Bondevik med oppmoding om å realisere planane for Nynorsk digitalt leksikon.
I april gir Peoples Books Publishing House i Beijing ut Bikubesong av Frode Grytten på kinesisk, omsett av Shi Qine, professor i nordistikk ved universitetet i Beijing. Det er første gongen ei bok er omsett til kinesisk rett frå nynorsk.
12.5. melder Trønderavisa at trondheimsfirmaet Datakjeden er først ute med å tilby DVD-menyar på nynorsk. Det er Vegard Waldal som har omsett tekstane.
17.5. lanserer ABC Startsiden nynorskversjonen Startsida.no. I tillegg til at alle tekstar er omsette til nynorsk, er det lagt inn ein synonymfunksjon som gjer at brukarane kan søkje på nynorsk i utvalde søkjemotorar. Prosjektet er gjennomført i samarbeid med Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Innovasjon Noreg og Norsk Plan.
23.5. held Gulating lagmannsrett oppe dommen frå Sandnes tingrett 17.2. og tilkjenner Noregs Mållag 151 000 kroner i sakskostnader frå Sandnes kommune (sjå 17.2. og 24.6.).
I mai godkjenner Kultur- og kyrkjedepartementet at Norsk språkråd endrar namn til Språkrådet.
12.6. opnar kong Harald 5 den nye Svinesundbrua. For første gong er grenseskilta merkte med både NOREG og NORGE.
13.6.2005 skriv VG ein journalistisk notis på nynorsk med ein kommentar frå Sylfest Lomheim om dialektbruken i Vennesla i samband med at Jorun Stiansen har vunne Idol på TV2.
24.6. avviser kjæremålsutvalet i Høgsterett anken frå Sandnes kommune etter dom 17.2. og slår med det fast kommunen braut opplæringslova då dei blanda elevane i nynorske parallellklassar med bokmålsklassane (sjå 17.2. og 23.5.).
1.7. kårar Nynorsk kultursentrum og NRK P2 Ingebjørn Røren til vinnar i ein konkurranse om gode nynorsk avløysarord i golf. Same dagen avviklar Nynorsk kultursentrum og Volda golfklubb for første gong Dei nynorske golfspela i Vassbotnen i Volda.
7.8. passerer Wikipedia Nynorsk 10 000 artiklar (sjå 2004).
13.8. fortel Bergensavisen at Hordaland Unge Høgre har laga tre reklamefilmar for Harald Victor Hove, femtekandidat på stortingsvallista for Hordaland Høgre. Emna er bilavgifter, spritforbod for alle under 18 og nynorsk som sidemål. I ein av filmane kaster han Alf Helleviks Nynorsk ordliste i eit brennande oljefat med orda ”Dette er mitt sidemål”. Planen er at filmen skal visast på Bergen kino, men etter sterke reaksjonar blir filmen trekt tilbake 17.8.
15.8. kårar lyttarane til NRK Reiseradioen Valdres-dialekten til den vakraste dialekten i landet. I finalen får Valdres-dialekten 58,9 % av røystene, Gudbrandsdals-dialekten 41,1 %.

19.9. gir Nynorsk kultursentrum ut Nynorsk faktabok 2005 av Ottar Grepstad. Med 351 tabellar og 45 figurar på 785 sider er dette truleg den største statistiske dokumentasjonen av ein skriftkultur som til då har vore laga (sjå 1998, 2010, 2015).


14.10. har folkemusikkoperaen Tryllefløyten premiere i Den Norske Opera, i regi av Rikskonsertane i samarbeid med Riksteatern og Västanå Teater. Stein Versto har omsett librettoen til nynorsk, den svenske gruppa Harv har arrangert musikken, og Leif Stinnerbom er regissør. I hovudrollene spelar blant andre Øyonn Groven Myhren, Odd Nordstoga, Åsmund Nordstoga og Berit Opheim. Stykket blir spelt på om lag 40 scener i Noreg og Sverige.
21.10. avsluttar Noregs Mållag kampanjen ”Slepp nynorsken til” (sjå 2004) og overleverer 36 000 underskrifter til Dagbladet ved Gudleiv Forr.
24.10. slår byrådsleiar Monica Mæland fast at Bergen kommune er språknøytral og at begge målformer skal kunne brukast administrativt: ”Dei byråkratar som ønskjer å nytte nynorsk skal få lov til det.” Bakgrunnen er ein interpellasjon frå varaordførar Kristian Helland.
27.10. legg ei strategigruppe oppnemnd av Språkrådet fram rapporten Norsk i hundre!
7.11. lanserer Damm det nye tidsskriftet Kraftsentrum redigert av Olaug Nilssen og Gunnhild Øyehaug. Minst 20 % av tekstane skal vere skrivne av menn og minst 30 % av tekstane skal vere på bokmål. Siste nummeret kjem i 2008.
10.11. legg regjeringa Stoltenberg fram det første statsbudsjettet sitt, med forslag om å løyve 1,5 millionar kroner til Nynorsk digitalt leksikon i 2006 (sjå 1999, 2001, 2002, 2004, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010).
16.11. gir Det norske Bibelselskap ut Det nye testamentet i ny og gjennomarbeidd omsetjing til både nynorsk og bokmål (sjå 1890).
16.11. blir restane av tuntreet i Ivar Aasen-tunet tekne ned (sjå 2004, 2008).
13.12. vedtek Stortinget med 85 mot 23 røyster å løyve 1,5 millionar kroner til Nynorsk digitalt leksikon i 2006 (sjå 1999, 2001, 2002, 2004, 2006, 2007, 2008, 2009, 2010).
16.12. legg regjeringa Stoltenberg fram St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste. Der heiter det at det er eit leiaransvar å følgje opp lova, og at alle no har eit par år på seg til å oppfylle krava om bruk av begge målformer på statleg drivne nettstader.
17.12. sender NRK Barne TV den første av 52 episodar av den svenske serien ”Gjengen på taket” der alle dei norske røystene bruker dialekt. Blant skodespelarane er Heidi Gjermundsen Broch og Dennis Storhøi.


Sist oppdatert: 05.01.2016