Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2009

19.1. tek styremedlem Tor Fuglevik i Språkrådet til orde for at riksaviser som nektar redaksjonell bruk av nynorsk skal misse det momsfritaket som blei innført i 1970 (sjå 1969, 1973, 2002). Grunnlaget for innlegget hans i Dagens Næringsliv er rapporten Norsk i hundre! frå Språkrådet i 2005, der det heiter: «Når staten støtter mediene finansielt gjennom momsfritak, pressestøtte osv., må den også kunne stille språklige krav, både om bruk av norsk språk generelt og ikke minst bruk av nynorsk». I St.meld nr. 35 (2007–2008) Mål og meining hadde regjeringa moderert dette: «Departementet ventar at riksdekkjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redaksjonell plass.» Innlegget frå Fuglevik er eit styrt initiativ frå styret i Språkrådet og utløyser ein lengre debatt (sjå 19.2.).

11.2. melder TV2 at programvara Facebook er komplett omsett til nynorsk som Fjesboka. Om lag 1500 personar har i eit drygt halvår vore med i den store omsetjingsdugnaden. Med denne omsetjinga blir nynorsk eit av dei 35 første facebook-språka i heile verda, seier leiar Jens Kihl i Norsk Målungdom i ein kommentar til TV2.

19.2. vedtek styret i Språkrådet med fem mot to røyster at «det er fullt mulig å utforme en statlig støttepolitikk også for aviser – og som ivaretar hensynet til nynorsk – uten å røre ved den redaksjonelle uavhengigheten». Vedtaket er ei oppfølging av ein debatt som styremedlem Tor Fuglevik har utløyst (sjå 19.1.). Styrefleirtalet vil stille dei same krava om redaksjonell bruk av nynorsk i riksdekkjande papir- og nettaviser som til privatåtte, konsesjonsstyrte radio- og fjernsynskanalar: «Samtidig anbefaler Språkrådet at det utredes egne støtteordninger som målrettet kan styrke nynorsk avisutgiving og legge grunnlaget for flere nynorske dagsaviser». Sjefredaktør Bernt Olufsen seier i ein debatt i NRK1 25.2. at «det kan godt hende det her vil skje en naturlig utvikling i mange norske medier». I ein kommentar 4.3. skriv redaktør Per Anders Madssen: «Språket i en avis som Aftenposten står ikke stille, det har gjennomgått en markant utvikling gjennom en årrekke. Og – kanskje – vil mer bruk av nynorsk, også på nyhetssidene, kunne ligge i forlengelsen av denne utviklingen.»

19.2. blir Eirik Helleve tilsett som dagleg leiar i Allkunne AS frå 1.4. Han har kontor på Voss (sjå 2008).

20.2. bed Norsk Målungdom om at NSB går bort frå sin nye praksis med automatiserte røyster som les opp stasjonsnamna på bokmål. Norsk Målungdom meiner at NSB på denne måten er med og vatnar ut stadnamntradisjonen. NSB svarer at dei ikkje vil endre på dette.

3.3. går leiarane i Senterungdomen, Arbeidernes Ungdomsfylking og Sosialistisk Ungdom i eit lesarbrev i Dagbladet inn for at staten må stille språkkrav til aviser for at dei skal kunne halde på momsfritaket (sjå 19.1. og 19.2.).

23.3 vedtek styret i Tine Meierier at dei legg om tekstinga av mjølkekartongane sine. Tidlegare regionale variasjonar går ut, og konsernet vil no bruke nynorsk og bokmål likt over heile landet. Dette inneber at all kulturmjølk og ei side på søtmjølkvariantane over heile landet med faste intervall skal vere på nynorsk, under nemninga TineMelk. Konsernet viser til at dette inneber at om lag 40 millionar kartongar no blir teksta på nynorsk, mot før om lag 17 millionar. Q-Meieriene melder at dei ikkje har nokon planar om å bruke nynorsk på kartongane sine, men marknadsdirektør Lise Godfrey seier at dei vil vurdere det dersom det er eit «betydelig ønske». På få veker har over 3000 personar meldt seg inn i gruppa «Vi vil ha mjølk!» på Fjesboka.

26.3. vedtek styret ved NTNU i Trondheim språkpolitiske retningslinjer der det mellom anna heiter at «Universitetet har et særlig ansvar for å bidra til å utvikle norsk språk og norsk fagterminologi. Norsk omfatter både bokmål og nynorsk».

31.3. leverer pensjonert lærar Einar Smørdal inn 500 underskrifter og ei liste med 19 kandidatar for partiet «Ett (skrift)språk» i Akershus. Ved stortingsvalet 14.9. får partiet 103 røyster.

31.3. søkjer Nynorsk kultursentrum for første gong om midlar til å utvikle Språkåret 2013. Det året er det 200 år sidan Ivar Aasen blei fødd og 100 år sidan Det Norske Teatret opna. Nynorsk kultursentrum har i åra 2005–2009 utvikla skisser og planmoment for tiltaket (sjå 2010).

22.4. har dokumentarfilmen Heimegutar om hiphopgruppa Side Brok premiere under Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda. Regissør er Turid Rogne.

28.4. slutthandsamar Stortinget språkmeldinga Mål og meining (sjå 2008). Fleirtalet vil styrkje bruken av nynorsk, utvide arbeidsområdet for Språkrådet slik at det dekkjer språk i Noreg, ikkje berre norsk språk, og går inn for ei ny språklov som kan erstatte dei tre lovene som gjeld i dag (sjå 30.4.). Alle partia kommenterer språkpolitiske krav til pressestøtta, men dei fleste avviser ei slik kopling (sjå 19.1. og 19.2.).

30.4. sender Kultur- og kyrkjedepartementet ut rundskriv til alle departementa om oppfølging av språkmeldinga Stortinget har slutta seg til (sjå 28.4.). I brevet blir det framheva at «alle fagdepartement må ta eit språkpolitisk ansvar, på liknande vis som dei har eit miljøansvar og eit ansvar for likestilling mellom kjønna», og at det «for alle offentlege tiltak og all politikkutforming med eit språkleg aspekt skal vurderast eksplisitt korleis dette kan utformast slik at ein også tek omsyn til nynorsk og nynorskbrukarane».

6.5. blir Sivert Aarflot-jubileet offisielt opna i Ørsta. Det er 250 år sidan Aarflot blei fødd.

7.5. melder avisa Grannar at leiar Anne Margrethe Eidhammer i Vindafjord Mållag har sett i gang ein aksjon for å få nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege (sjå 3.11.).

13.5. melder Jærbladet at det nye Garborg-senteret og biblioteket på Bryne blir sju millionar kroner dyrare enn planlagt, og at budsjettet no er oppe i 58,5 millionar kroner (sjå 2004, 2007, 2008, 2010).

7.6. gir bluesartisten Reidar Larsen ut si trettande plate. Etter tolv plater med alle tekstar på engelsk går han på plata Kom inn te oss heilt over til stavangerdialekt.

9.6. bed Kultur- og kyrkjedepartementet om at Nynorsk kultursentrum tek på seg å forvalte Vinje-fondet, som skal fremje bruk av nynorsk i media og rekruttere fleire nynorskbrukande journalistar. Nynorsk kultursentrum takkar ja. Etter at retningslinjene for fondet er godkjende av departementet 15.12., blir dei første midlane utdelte i 2010 (sjå 2010).

26.6. legg Olje- og energidepartementet fram forslag til ny havenergilov. Det er første gongen dette departementet legg fram ei lov på nynorsk.

4.7. lyser Kommunal- og regionaldepartementet ut den nye prisen Årets nynorskkommune, som skal gå til kommunar som fremjar nynorsk som skriftspråk (sjå 1.9.).

13.7. passerer Nynorsk Wikipedia 50 000 artiklar (sjå 2004).

17.8. tek kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa det første spadetaket for Garborg-senteret på Bryne.

21.8. lanserer omsetjingsprogrammet Apertium maskinomsetjing mellom bokmål og nynorsk. Apertium er eit open kjelde-program som sidan 2004 er blitt utvikla ved Universitetet i Alicante i samarbeid med språk- og IKT-miljø i fleire land.

1.9. kårar Kommunal- og regionaldepartementet Stord til Årets nynorskkommune 2009 (sjå 4.7.). Det er første året denne prisen blir delt ut. 11 kommunar søkte, og kommunane Fjell og Stord blei nominerte.

2.9. har Aker ASA premiere på reklamefilmen «Made by Norway» på TV2. Diktet «Nordmannen» av Ivar Aasen blir framført av Anderz Eide, regien er ved Erik Poppe, og produsent er Bates United. Før september er omme, har 2,5 millionar menneske sett filmen.

15.9. tek Guro Ljone til i stillinga som forprosjektleiar i Olav H. Hauge-stiftinga. Forprosjektet er finansiert med midlar frå Sparebanken Hardanger, Visjon Vest, Norsk kulturråd og Fritt Ord. Som ein del av forprosjektet blir det arrangert idédugnader i Oslo, Bergen og Ulvik. Forprosjektrapporten blir offentleggjord i september 2010 (sjå 2000, 2010, 2011, 2014).

22.9. melder Helse- og omsorgsdepartementet i brev til Kultur- og kyrkjedepartementet at arbeidet med nynorsk talegjenkjenning no blir sett i gang, etter at legar ved fleire sjukehus har reagert på at dei ikkje kan diktere journalane sine på nynorsk.

23.9. heidrar det sosiale mediet Twitter Ivar Aasen på dødsdagen hans.

29.9. løyver Kultur- og kyrkjedepartementet 300 000 kroner årleg i tre år til prosjektet «Ung til sinns – på nett» som skal utvikle ei nettavis på nynorsk for unge. Den planlagde nettavisa skal leggje mest vekt på regionale nyhendesaker og kulturstoff for og av unge. Landssamanslutninga av nynorskkommunar leier prosjektet i samarbeid med ABC Startsiden, Pirion, Magasinett og Jærmuseet.

20.10. opnar Håvard B. Øvregård nettleksikonet Allkunne. Opninga blir markert med tilstellingar på Bryne og Ål, og i Oslo, Førde og Ørsta. Dagleg leiar er Eirik Helleve, og hovudredaktør er Ottar Grepstad. I redaksjonen sit Aina Basso, Kjerstin Gjengedal, Kirsti Langstøyl, Vibeke Lauritsen og Sverre Tusvik. Ved opninga inneheld nettleksikonet 842 artiklar på til saman 1,2 millionar teikn. 55 forfattarar har levert artiklar eller har artiklar i arbeid (sjå 2008, 2010, 2012, 2015).

3.11. får Kunnskapsdepartementet eit opprop frå 50 ordførarar som krev nynorsk undervisningsmateriell i alle fag til framandspråklege. Aksjonen blei sett i gang av Vindafjord Mållag i mai (sjå 7.5.).

9.11. gir Universal Music Group ut CD-plata Strålande jul, med 12 julesongar framførte av Odd Nordstoga og Sissel Kyrkjebø. Før året er omme, er plata seld i nærmare 400 000 eksemplar, og 70 000 menneske har vore på konsertar i Noreg eller Sverige med dei to artistane.

12.11. blir band VIII av Norsk Ordbok, mugg – ramnsvart, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Hege Fjeldseth Hellum, Ingunn Indrebø Ims, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Laurits Killingbergtrø, Ingjerd Legreid, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Laila Sakshaug, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Benedikte Tranvåg Tobiassen, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Dagfinn Worren, Leiv Inge Aa og Gunhild Aamodt.

26.11. skriv Utlendingsdirektoratet i brev til Språkrådet at dei no vil lage statsborgarbrev også på nynorsk. Språkrådet har teke opp saka på vegner av familien Stephen J. Walton.

3.12. publiserer Hovdebygda soge- og velferdslag i Ørsta diktet «Voni» av Ivar Aasen i årboka si, med bakgrunnsinformasjon av Martin Furseth (sjå 1961). Den 17.12. publiserer Dag og Tid diktet med nyskriven melodi av Henning Sommerro.

8.12. publiserer Østfold Mållag årboka Aust i Vika som e-bok på Kindle-plattforma. Dette er truleg den første norske boka som blir tilgjengeleg hos Kindle. Årboka er redigert av Magne Aasbrenn.

10.12. legg Familie- og kulturkomiteen i Stortinget fram innstilling om statsbudsjettet for 2010. Ein samla komité har denne merknaden: «Komiteen mener realiseringen av et Nasjonalt Garborg-senter i Time på Jæren er viktig, og ber Regjeringen holde frem arbeidet med å finne en løsning for å få realisert senteret og utstillingen i tråd med vedtatte planer» (sjå 2004, 2007, 2008, 2010).

11.12. løyver regjeringa Stoltenberg 7 millionar kroner til utstillingsdelen av Garborgsenteret på Bryne og følgjer med det opp den samla komitémerknaden i budsjettinnstillinga frå Familie- og kulturkomiteen (sjå 2004, 2007, 2008, 2010).

13.12. blir Erik Ulfsby tilsett som teatersjef på Det Norske Teatret frå 1.1.2011.

15.12. godkjenner Kulturdepartementet retningslinjer for Vinjefondet, vedtekne i styret i Nynorsk kultursentrum 4.12. (sjå 2010).

16.12. vedtek styret i Språkrådet samrøystes å setje i gang arbeidet med ei ny nynorsknorm, som skal vere stram, enkel og tydeleg, utan sideformer, og som skal vere lett å lære, uavhengig av formell utdanning og språkkompetanse. Ei nemnd på sju medlemer under leiing av Grete Riise skal lage eit framlegg til norm innan 1.4.2011. Prosjektsekretær er Aud Søyland. Målet er at den nye norma kan takast i bruk frå 1.8.2012 (sjå 2007).

17.12. vedtek Gildeskål kommunestyre å førebu feiring av 175-årsjubileet for Elias Blix i 2011. Petter Kjærnes blir engasjert som prosjektleiar.

18.12. kunngjer Utlendingsdirektoratet at statsborgarbrevet frå no av skal finnast også på nynorsk. Alle nye statsborgarar får eit slikt statsborgarbrev.

Først publisert: 01.03.2010
Sist oppdatert: 20.03.2017