Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2010

19.1. kunngjer Det Norske Samlaget at forlaget har trekt seg ut av nettbokhandelen Bokdykk og Blåmann barnebokklubb. Investorane Trond Økland og Michael Dorfman frå Florø skal drive selskapet vidare som ein nynorskprofilert kulturbokhandel på nett og ein barnebokklubb for nynorske bøker. Bokdykk AS blei skipa i 2007 av Det Norske Samlaget og Økland Invest. I 2008 blei barnebokklubben Blåmann, skipa i 2000, også ein del av selskapet (sjå 2001).
20.1. arrangerer Språkrådet opningsseminar for arbeidet med ny nynorsknormal. Ei nemnd under leiing av Grete Riise skal ha klart eit framlegg til ny normal innan 1.4.2011. Med i nemnda er også Unn Røyneland (nestleiar), Ragnhild Bjørge, Tore Elias Hoel, Karin Magnetun, Svend Arne Vee og Åse Wetås. Prosjektsekretær er Aud Søyland (sjå 2007, 2009).
27.1. lanserer Nynorsk kultursentrum e-boka Språkfakta 2010 av Ottar Grepstad. Med sine 247 tabellar og 95 figurar på til saman 512 sider, og ein tekstdel på 141 sider, utgjer publikasjonen 653 sider. Dette er den mest omfattande dokumentasjonen av språk i Noreg som har vore laga (sjå 1998, 2005, 2015).
22.2. legg Språkrådet fram Språkstatus 2010. Det er første gongen institusjonen lagar ein slik samla dokumentasjon om språksituasjonen i Noreg. Arbeidet blir utført på oppdrag frå Kulturdepartementet, og på grunnlag av slike årlege statusrapportar skal departementet kvart fjerde år leggje fram ei stortingsmelding om språk i Noreg.
11.3. kunngjer lnk.no at Nasjonal IKT har sett i gang eit forprosjekt som skal vurdere om teknologien brukt til talegjenkjenning kan utvidast til å omfatte nynorsk. Legar bruker talegjenkjenning når dei dikterer journalar og brev, og denne teknologien har til no berre fungert på bokmål (sjå 2009).
13.4. presenterer Bjørgvin bispedømme Konfirmant 2011. Dette heftet på 16 sider blir sendt til alle konfirmantane, og i år ligg heftet føre på både nynorsk og bokmål. Publikasjonen er laga i samarbeid mellom bispedømeråda, Kirkens Nødhjelp og Kyrkjerådet.
2.6. blir Audhild Gregoriusdotter Rotevatn tilsett som ny dagleg leiar i Allkunne no. Ho tek til i stillinga 9.8. (sjå 2009).
16.6. tilset Jærmuseet Inger Undheim som ny dagleg leiar for Garborgsenteret i Time. Samstundes blir det kjent at SR-Bank gir fem millionar kr til senteret. Banken vil dessutan gi ei krone for kvar krone som blir samla inn lokalt, fram til fire millionar. Totalt kan banken dermed kome til å gi ni millionar kr (sjå 2004, 2007, 2008, 2009).
16.8. vedtek styra i Olav H. Hauge-stiftinga og Nynorsk kultursentrum ein samanslåingsavtale som inneber at Nynorsk kultursentrum frå 1.1.2011 har ansvaret for å utvikle og drive Olav H. Hauge-senteret i Ulvik (sjå 2000, 2009, 2011, 2014).
2.9. blir den digitale ungdomsavisa Framtida.no lansert med Svein Olav B. Langåker som redaktør. Publikasjonen skal stimulere til interaktivitet mellom redaksjon og lesarane, mellom anna med konkurransar, debattar og bloggar. Fem lokalaviser, Dag og Tid, lnk.no og Magasinett leverer stoff, saman med 15 unge kommentatorar frå heile landet. Prosjektet er støtta av Kulturdepartementet. Dei som står bak, er ABC Startsida, Landslaget for lokalaviser, Landssamanslutninga av nynorskkommunar, Mot til å meina, Magasinett og Pirion (sjå 2009).
6.9. legg Olav H. Hauge-stiftinga fram ein forprosjektrapport om Olav H. Hauge-senteret for Ulvik heradsstyre. Rapporten er skriven av forprosjektleiar Guro Ljone (sjå 2000, 2009, 2011, 2014).
24.9. opplyser Det Norske Misjonsselskap at den private norske skulen i Kamerun er blitt nynorskskule. Alle dei ni norske elevane nyttar nynorsk som målform dette året. Denne private grunnskulen blei skipa i 1958 og har heilt til no vore ein bokmålsskule. Det har også heile tida vore vedtektsfesta at dette skal vere ein skule på bokmål.
28.9. blir nynorskversjonen av internettspelet Hattrick lansert. Fotballspelet har kring 850 000 deltakarar over heile verda og er omsett til meir enn 60 språk. Spelet er omsett til nynorsk av ein dugnadsgjeng under leiing av Ole Fuglestad i Balestrand.
5.10. offentleggjer regjeringa Stoltenberg framlegget til statsbudsjett for 2011, som mellom anna inneheld ei første løyving på 1 million kr til Olav H. Hauge-senteret. I desember løyver også Hordaland fylkesting og Ulvik herad driftsmidlar til senteret for 2011 (sjå 2000, 2009, 2011, 2014).
12.10. lyser Nynorsk kultursentrum for første gong ut midlar frå Vinjefondet. Det kjem inn åtte søknader, og i desember blir det løyvd 775 000 kr til tre prosjekt (sjå 2009).
22.10. lanserer Kunnskapsforlaget i samarbeid med Nynorsk Pressekontor boka NPK-språket, som inneheld ein rettleiingsdel og ei ordliste med over 30 000 oppslagsord. Boka er ein nynorsk parallell til NTB-språket, som kom ut i 2007.
29.10. blir Syn og Segn kåra til årets nordiske tidsskrift. Prisen blir delt ut på bokmessa i Helsinki. I grunngivinga skriv juryen mellom anna at «Syn og Segn kjennetegnes av uforutsigbare og overraskende vinkler og temavalg. Det er et spennende og lesbart tidsskrift som tør gå egne veier. Syn og Segn redigeres med humor og snert, og er et ujålete og relevant tilskudd av høy kvalitet til den norske tidsskriftfloraen».
2.11. legg teatersjef Erik Ulfsby fram repertoaret på Det Norske Teatret for 2011. Teatret vil dette året opne ei ny Scene 3, som erstattar tidlegare program på Prøvesalen.
12.11. løyver regjeringa Stoltenberg 700 000 kr til Nynorsk kultursentrum for å utvikle planar for eit nasjonalt språkår i 2013. Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader i Noreg med utgangspunkt i 200-årsjubileet for Ivar Aasen og 100-årsjubileet for Det Norske Teatret (sjå 2009).
8.12. godkjenner styret i Det norske Bibelselskap dei nye omsetjingane av Bibelen til nynorsk og bokmål. Meir enn 30 forskarar og forfattarar har vore med, og dei nye omsetjingane blir lanserte 19.10.2011. Den førre nynorske omsetjinga av Bibelen låg føre i 1979 (sjå 1921, 1938, 1978).
14.12. løyver regjeringa Stoltenberg to millionar kr til Det Multi Norske, ein teaterskule for fleirkulturelle skodespelarar ved Det Norske Teatret. Løyvinga kjem i tillegg til 750 000 kr i statsbudsjettet for 2011. Den treårige utdanninga blir gjennomført frå 2012 i samarbeid med Høgskolen i Nord-Trøndelag og skal gi studentane minst eitt års engasjement ved teatret. To kull på til saman fire kvinner og fire menn skal takast opp.

Først publisert: 21.10.2011
Sist oppdatert: 20.03.2017