Hopp til innhold

Eit språk blir til: 2016

3.2. leverer trykkjeriet band XII av Norsk Ordbok, u–åværig, til Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Hege Fjeldseth Hjellum, Tor Erik Jenstad, Helene Udland Karlsen, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

9.2. blir Peter Hognestad-jubileet opna på Bryne. Nynorsk kultursentrum samordnar arbeidet for å feire biskopen som omsette altarboka til nynorsk i 1908, var hovudredaktør for den nynorske Bibelen 1916–1921 og ein av redaktørane for Nynorsk Salmebok i 1925. Jubileet blir avslutta med gudsteneste i Slottskapellet i Oslo 20.11.2016.

13.2. publiserer VG Nett for første gong ei toppsak på nynorsk. Saka er at prinsesse Ingrid Alexandra ikkje lærer nynorsk i barneskulen. Journalisten er Frank Ertresvåg. Saka blir også trykt i papirutgåva måndag 15.2.

29.2. publiserer Nynorsk kultursentrum Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret som grunnlag for å etablere ei ny driftsavdeling om dikting og journalistikk i Vinje. Same dagen blir nettstaden Vinjesenteret.no opna. Nytt opplag av prosjektplanen ligg føre 14.6.2016.

9.3. blir band 12 lansert og heile Norsk Ordbok feira i Universitetsaulaen i Oslo. Det samla verket inneheld 333 173 oppslagsord på 9637 sider. På dei 85 åra frå 1930 til 2015 har Stortinget løyvt om lag 255 millionar 2015-kroner til Norsk Ordbok. Verket er blitt redigert av ti hovudredaktørar og 52 redaktørar.

15.3. publiserer Aftenposten ein reportasje på nynorsk i kulturdelen av avisa. Journalist er Jan Zahl, og artikkelen om samansetjinga av underutvala i Kulturrådet har stått på trykk i Stavanger Aftenblad. Tilvisinga på framsida av kulturdelen i Aftenposten er på bokmål, det same er overskrifta på artikkelen, men resten er på nynorsk. I ein redaksjonell merknad under artikkelen skriv avisa: «Denne saken er skrevet av en journalist i vår samarbeidsavis Stavanger Aftenblad med nynorsk som skriftspråk. Derfor følger den ikke Aftenpostens språknorm.» Dagen etter publiserer Aftenposten ein ny artikkel av den same journalisten på nynorsk.

11.4. vedtek Møre og Romsdal fylkesting med 25 mot 22 røyster at nynorsk framleis skal vere administrasjonsspråk i fylkeskommunen. Då fylkestinget hausten 2015 handsama økonomiplanen for fylkeskommunen, blei eit benkeframlegg om språknøytralitet oversendt til administrasjonen.

19.4. vedtek årsmøtet i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre med stort fleirtal at selskapet frå 1.1.2017 skal gå over til å marknadsføre Ålesund og alle reisemåla i regionen på nynorsk saman med framandspråk. Nynorsk kultursentrum reiste saka første gongen i 2010.

21.5. opnar ordførar Bjarne Eilif Holø Tor Jonsson-jubileet i Lom. Hovudmarkeringa blir Diktardagar i Lom 2.–4.9. Tor Jonsson-plassen framanfor rådhuset og banken var pussa opp til opninga, og om kvelden var det festframsyning, med middag etterpå der Lom kommune var vertskap. Til jubileet gir Ton Jonsson-laget ut eit magasin i samarbeid med Hallingdølen, trykt i 20 000 eksemplar.

10.6. vedtek styra ved Høgskolen Stord/Haugesund, Høgskolen i Bergen og Høgskulen i Sogn og Fjordane å gå saman til Høgskulen på Vestlandet med nynorsk som dominerande administrasjonsspråk. Den nye høgskulen kjem i drift frå 1.1.2017, og rektor skal sitje i Bergen.

15.6. bed Bergen bystyre byrådet om å leggje fram ei sak innan sommaren 2017 om «korleis kommunen gjennom ein aktiv språkpolitikk kan bidra til at Bergen tar sitt språklege ansvar som Vestlandets nynorskhovudstad». Saka skal innehalde «ei vurdering av nynorsken sine kår i bergensskulen og byen forøvrig, ein strategi for korleis Bergen kommune skal nytte meir nynorsk i forvaltninga, i offentleg informasjon, og i utadretta kommunikasjon med publikum, retningsliner som sikrar at ein viss prosentdel av dei politiske sakene som blir levert til bystyret sine organ har saksutgreiingar som er skrivne på nynorsk». Vedtaket blir gjort etter ein interpellasjon frå Njaal Neckelmann (V).

17.6. legg seks stortingsrepresentantar frå Vestlandet fram eit forslag i Stortinget om å lovfeste retten for elevar i ungdomsskulen til å få opplæring på førstespråket sitt. Målet er å sikre at nynorskelevar får opplæring på nynorsk i heile grunnskulen uavhengig av storleik på klassar og grupper. Dei seks er Terje Breivik (V), Audun Lysbakken (SV), Liv Signe Navarsete (Sp), Magne Rommetveit (Ap), Kjersti Toppe (Sp) og Geir Toskedal (KrF).

21.7. lanserer SwiftKey betaversjonen av mobiltastatur med nynorsk rettskriving, Denne programvara er tilgjengeleg for Android-telefonar og kan lastast ned gratis frå Google Play Store. Mobiltastaturet finst på over 100 språk på 250 millionar einingar over heile verda. SwiftKey har hovudsete i London og skriv i ei pressemelding: « Vi veit at språk er uløyseleg knytt til å ta vare på kultur og ønskjer å medverke til å oppretthalde det språklege og kulturelle mangfaldet i verda.»

1.8. er Allkunne AS omorganisert til vanleg driftsavdeling i Nynorsk kultursentrum. Audhild Gregoriusdotter Rotevatn sluttar 31.8., og frå 1.9. er Stina Aasen Lødemel konstituert redaktør til 31.1.2017.

2.9. kjem siste del av flyttelasset med språksamlingar frå Universitetet i Oslo til Universitetet i Bergen. Samlingane veg i alt 80 tonn og har vore fordelte på 15 trailerar (sjå 2014, 2015, 2017). 

15.9. signerer fylkesordførarane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland ein intensjonsplan om å slå dei tre fylka saman i Vestlandsregionen. Same dagen set Nynorsk kultursentrum i gang ein aksjon for å oppnå forpliktande vedtak om statens språk til regionen og administrasjonsspråket i regionen. I høyringsrundar i dei tre fylkeskommunane blir det sendt inn 859 fråsegner. Av desse kommenterer 716 språkspørsmålet, og 706 fråsegner går inn form nynorsk.

23.9. debuterer Tore Renberg på nynorsk med romanen Du er så lys på Forlaget Oktober. Han debuterte på bokmål i 1995.

25.10. publiserer Fredriksstad Blad nettutgåva på nynorsk. Fredrikstad Mållag har stått for omsetjinga (sjå 6.3.2013).

15.11. går fleirtalet i transport- og kommunikasjonskomiteen i Stortinget inn for at Posten Noreg AS framleis skal følgje prinsippa i mållova av 1980. I fleirtalet er representantane frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre. På høyring i Stortinget 15.10. sa konsernsjef Tone Willie at nynorsk ikkje er noka vesentleg utgift for konsernet.

27.11. vedtek Stortinget å greie ut om retten til opplæring på eige språk i grunnskulen skal gjelde også for elevar i ungdomsskulen. Bak vedtaket står Senterpartiet, Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkearti, Venstre og SV (sjå 17.6.2016).

3.12. offentleggjer samarbeidspartia H. Frp, KrF og V at dei vil løyve 1,2 millionar i driftsmidlar til Vinje-senteret. Dette er den første statsløyvinga til prosjektet. I budsjettinnstillinga frå familie og kulturkomiteen støttar også Ap prosjektet.

7.12. vedtek fylkestinget i Sogn og Fjordane med 19 mot 12 røyster at Sogn og Fjordane bør bli ein el av Vestlandsregionen. I punkt c heiter det: «Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen gjer vedtak om at staten bruker nynorsk til regionen.»

14.12. vedtek fylkestinget i Hordaland med 41 mot fire røyster at Hordaland bør bli ein del av Vestlandsregionen. I punkt 3 heiter det: «Fylkestinget går inn for at nynorsk vert administrasjonsspråket i den nye Vestlandsregionen.»

16.12. legg regjeringa Solberg fram Meld. St. 14 (2016–2017) Kommersiell allmennkringkasting: I meldinga går regjeringa inn for at «begge dei offisielle norske målformene skal nyttas» av den kommersielle allmennkringkastaren.

Først publisert: 05.01.2016
Sist oppdatert: 10.08.2020