Hopp til innhold
X
Innhald

Artikkel

Artikkel (av latin articulus, ’ledd’), omgrep som kan tyde fleire ting.

Det kan vise til eit avsnitt i ein kontrakt, ei lov, ei vedkjenning og liknande, eller det kan vere brukt om eit sjølvstendig skriftstykke i ei avis eller eit tidsskrift. I tillegg blir det brukt om ei vare eller eit vareslag (til dømes salsartiklar eller eksportartiklar).

I språkvitskapen blir omgrepet artikkel brukt om ei undergruppe i ordklassen determinativ som blir brukt til å skilje mellom bestemt og ubestemt form av substantiviske ledd (norsk ein båt, ei dør, eit hus; engelsk a house, the house). Merka som viser bestemtheit, -en, -a, -et (båten, døra, huset), er ikkje artiklar, men bøyingssuffiks.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017