Futurum er ei grammatisk form — som regel ei verbform — som plasserer ein situasjon i framtida, det vil seie etter taletidspunktet. Eit norsk eksempel er skal reise, som i Vi skal reise til Syden i morgon.

Faktaboks

Uttale
futˈurum
Etymologi
av latin futūrum ‘som skal bli’, futurum partisipp av esse 'vere

Futurum er eit tempus

Futurum høyrer heime i den grammatiske kategorien tempus, som er «grammatisk tid».

I mange språk står futurum i motsetnad til presens (samtidig med taletidspunktet) og preteritum (før taletidspunktet). Dette er vanleg i europeiske språk.

I andre språk står futurum berre i motsetnad til ikkje-futurum, som kan vere både samtidig med eller før taletidspunktet. Dette systemet finn ein mellom anna i grønlandsk.

Tempus knytt til verb og substantiv

Tempus er som regel nær knytt til verbet, og er ofte uttrykt gjennom verbbøying, som vist i desse eksempla frå latin og fransk:

latin fransk norsk
preteritum Herī plūvit. Il plut hier. Det regnde i går.
presens Hodiē pluit. Il pleut aujourd’hui. Det regner i dag.
futurum Crās pluet. Il pleuvra demain. Det kjem til å regne i morgon.

I det franskbaserte kreolspråket haitisk blir ikkje verbet bøygt, og futurum blir uttrykt gjennom småord (partiklar) som står føre verbet, som pral (nær futurum), ap (sikker futurum) og a (eventuell futurum):

  • M' pral vini demen maten. 'Eg kjem i morgon tidleg.'
  • M' ap vini kanmenm. 'Eg kjem i alle høve.'
  • M' a vini si m' gen tan. 'Eg kjem om eg har tid.'

Men det finst òg språk der substantivet har tempusbøying, mellom anna nokre amerikanske urfolkspråk. I barbareño-tsjumasjisk, som blei tala i Santa Barbara-området i California fram til 1960-talet, blei futurum uttrykt med prefikset saʔ- ved både verb og substantiv:

  • VERB: k-saʔ-ip 'eg skal seie'
  • SUBSTANTIV: hoʔ-k-saʔ-ap 'det framtidige huset mitt'

Også grønlandsk uttrykkjer futurum ved bøying av både verb og substantiv. Her er nokre eksempel på futurum ved substantiv, uttrykt med suffikset -ssaq:

  • annoraaq 'anorakk' ⇒ annoraassaq 'framtidig anorakk' eller 'stoff til å lage anorakk av'
  • illu 'hus' ⇒ illussaq 'framtidig hus' eller 'huset der eg skal bu'

Futurum i norsk

I norske grammatikkar er det tradisjon å setje opp perifrastiske konstruksjonar med verbet vilje eller skulle pluss ein infinitiv som «futurum», til dømes i setninga det vil regne. Denne skikken skriv seg truleg frå eit gamalt ønske om å ta med like mange former i ein norsk grammatikk som i ein latinsk grammatikk. Her er ei jamføring mellom tradisjonell og moderne norsk grammatisk terminologi knytt til futurum:

tradisjonelle termar moderne termar døme
fyrste futurum / futurum simplex presens futurum skal reise
andre futurum / futurum exactum presens perfektum futurum vil ha reist

Norsk har eigentleg ikkje eintydige futurumformer av verbet, på den måten som vi har presens- og preteritum-former. I staden for det vil regne i morgon kan vi mellom anna seie det kjem til å regne i morgon. Ofte brukar vi den forma av verbet som står oppført i norske grammatikkar som «presens»:

  • Dersom det regner i morgon, reiser eg ikkje til byen.

Her viser både regner og reiser til framtidige situasjonar, akkurat som i dei samiske språka (sjå avsnittet Futurum i samisk nedanfor) og finsk.

I vilkårssetninga dersom det regner i morgon kan vi ikkje byte ut regner med vil regne eller kjem til å regne: Dersom det vil regne i morgon, … eller Dersom det kjem til å regne i morgon, … er ikkje god norsk. I slike samanhengar uttrykkjer verbet vilje nettopp ønske eller vilje: Dersom du vil kome i morgon, reiser eg ikkje til byen tyder ikkje det same som Dersom du kjem i morgon, reiser eg ikkje til byen.

I norske dialektar finst det fleire måtar å uttrykkje futurum på enn dei som er vanlege i skriftspråka våre. I Nord-Noreg er det til dømes vanleg å seie Eg blir å reise til byen i morgon.

Futurum i samisk

I samisk — og finsk — blir verbformene som til vanleg går under namnet «presens» — eigentleg ikkje-preteritum — nytta om både notidige og framtidige situasjonar, i motsetnad til preteritum, som i desse nordsamiske døma, med verbet arvit ‘regne’:

  • Arvvii ikte. ‘Det regnde i går.’
  • Arvá odne. ‘Det regner i dag.’
  • Arvá ihttin. ‘Det kjem til å regne i morgon.’

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg