Hopp til innhold
X
Innhald

Imperfektum

Imperfektum (av latin, eigentleg ’ufullenda’), omgrep som i språkvitskapen blir brukt om dei formene av verbet som skildrar ikkje avslutta fortid i romanske språk.

Det er også ei eldre nemning på fortidsforma av verbet i germanske språk, altså det vi i dag kallar preteritum.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017