Hopp til innhold
X
Innhald

Konjunktiv

Konjunktiv (nokre gonger kalla subjunktiv), former av verbet som skildrar det irreelle, ikkje-faktiske, det moglege eller tenkte eller det ønskte.

Konjunktiv blir framleis brukt i romanske språk, tysk og islandsk, men er i moderne norsk avgrensa til ein del faste uttrykk (Komme ditt rike, vel bekomme, (Gud) signe maten) og forbanningar (Pokker ta deg!).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017