Hopp til innhold
X
Innhald

Modalitet

Modalitet (av latin modus, ’måte’), ein semantisk kategori i språkvitskapen som på ulike vis uttrykkjer at noko er mogleg eller nødvendig.

I setninga Ola kan sykle uttrykkjer modalverbet kan ei evne eller ferdigheit (ein type dynamisk modalitet), i Ola kan reise heim uttrykkjer modalverbet løyve (ein type deontisk modalitet), og i Ola kan vere sjuk blir det uttrykt sannsyn (ein type epistemisk modalitet).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017