Hopp til innhold
X
Innhald

Modalverb

Modalverb, verb som uttrykkjer modalitet.

Dei modale hjelpeverba i norsk er kunne, skulle, vilje, måtte og burde, som mellom anna er kjenneteikna ved at dei har same form i infinitiv og preteritum (bortsett frå vilje), og ved at dei kan brukast som hjelpeverb framfor ein infinitiv utan infinitivsmerke: Kari må reise heim. Dei norske modalverba er ikkje alltid hjelpeverb, men fungerer også som hovudverb: Kari må heim, Per kan engelsk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017