Optativ er ei bøyingsform av verbet som uttrykkjer eit ønske.

Faktaboks

Uttale
ˈoptativ
Etymologi

av det latinske verbet optāre 'ønskje'

På norsk har vi uttrykk med ei verbform som kan kallast optativ:

  • Leve kongen!
  • Gud bevare fedrelandet!
  • Gud gjeve det er sant!
  • Gjev eg var i eit varmare land!

Andre optativliknande uttrykk

Bokmål har adverbet gid, som står fremst i eit setning og uttrykkjer eit ønske:

  • Gid det var så vel!
  • Gid de kom snart!

Modus

Optativ høyrer heime i den grammatiske kategorien modus, som gjeld korleis den som seier noko, stiller seg til innhaldet i det som blir sagt. Andre modus er:

Konjunktiv (også kalla subjunktiv) blir òg brukt som namn på ein modus i nokre — særleg europeiske — språk, oftast med same tyding som imperativ og/eller optativ.

Optativ i gresk

Optativ finst mellom anna i gresk og sanskrit. Her er eit klassisk gresk eksempel, der génoito (γένοιτο) 'måtte skje' er ei optativ form av verbet gígnomai (γίγνομαι) 'skje':

  • Toîto mḕ génoito (τοῦτο μὴ γένοιτο)
  • 'Måtte dette (toîto) ikkje (mḕ) skje.'

Forholdet mellom optativ og andre modusar er forklart nærmare i artikkelen konjunktiv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg