Hopp til innhold
X
Innhald

Predikativ

Predikativ, setningsledd som kongruerer (samsvarar) med subjektet eller objektet i tal og eventuelt kjønn og kasus.

Predikativ som kongruerer med subjektet, kallar vi subjektspredikativ (dei er svoltne, dei kom svoltne heim). Det som kongruerer med objektet, kallar vi objektspredikativ (han gjorde oss kvalme, ho måla gjerdet raudt). Predikativa vart tidlegare kalla predikatsord.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017