Hopp til innhold
X
Innhald

Pronomen

Pronomen, ord som får innhald ut frå eit nominalt ledd (oftast ein substantivfrase) i nærleiken av pronomenet eller ut frå eit element i talesituasjonen. Ordet «pronomen» har latinsk opphav og tyder «i staden for nomen». Ordklassa er lukka, noko som inneber at ho ikkje tek opp i seg nye ord.

I setningane «Lars gjekk på tur. Han var glad» får pronomenet «han» innhald frå substantivet «Lars». Pronomenet gjer det mogleg å variere ordbruken, slik at ein slepp å starte to setningar med «Lars». Eit pronomen kan òg vise til ein person som ikkje er nemnd tidlegare, men som er til stades i situasjonen. Om nokon seier «eg liker deg», viser «eg» til personen som ytrar seg, medan «deg» er den personen ytringa er meint for.

Tydinga «i staden for nomen» inneber ikkje berre at eit pronomen erstattar eit substantiv. Pronomena får ofte innhald frå frasar som er bygde opp av fleire ord, og det er ikkje nødvendig at eit av dei er eit substantiv. Eit døme er desse to setningane: «Den galne guten liker å gå. Det gjer han glad». Her erstattar pronomenet «det» infinitiven «å gå». Pronomenet «han» erstattar ein substantivfrase som inneheld både eit determinativ (den), eit adjektiv (galne) og eit substantiv (guten).

I Norsk referansegrammatikk blir pronomena delte inn i personlege pronomen, refleksive pronomen, resiproke pronomen, spørjepronomen og ubestemt pronomen.

Personlege pronomen

Personlege pronomen refererer til personar. Her finn vi ord som «eg», «deg», «vi» og «oss».

Ordklassa pronomen tek ikkje opp i seg nye ord på same måten som til dømes ordklassa substantiv. Men det finst fleire ulike variantar av dei personlege pronomena. Det gjeld både i skriftspråket og i talemålet.

I nynorsk blei det gjort ei endring i dei personlege pronomena i 2012-reforma. No kan ein velje om ein vil skrive «de» eller «dokker» i tredje person fleirtal. (Valfridomen i pronomenformene er markert med skråstrek i oversikta nedanfor.)

I talemålet er dei mange ulike variantane av første person eintal, «eg», ein viktig dialektmarkør. «Jeg», «æg», «i», «ej» er alle variantar av dette pronomenet.

Nokre personlege pronomen har ei subjektsform (eg, du) og ei objektsform (meg, deg). Objektsforma er restar etter kasusforma akkusativ. Kasusbøying vil seie at bøyingsformene som fortel kva funksjon eit ord har i ei setning. Norrønt hadde fire kasusformer, og akkusativ var ei av dei.

Personlege pronomen, nynorsk:

Subjektsform Objektsform
Eintal 1. person Eg meg
2. person Du deg
3. person Han
ho
det

han
henne/ho
det

Fleirtal 1. person vi/me oss
2. person de/dokker dykk/dokker
2. person Dei dei

Refleksivt pronomen

«Seg» er det refleksive pronomenet. Det gjeld både nynorsk og bokmål. Ordet viser til subjektet i setninga, som må vere anten eintal eller fleirtal av tredje person. I setninga «Trine vaska seg», får «seg» innhald frå «Trine». Eit døme på «seg» som erstattar tredje person fleirtal, finn vi her: «Elevane grudde seg til prøva.»

Resiproke pronomen

Resiproke pronomen på nynorsk er «kvarandre» og «einannan». Det resiproke pronomenet blir som regel brukt for å skildre ein gjensidig relasjon, som i setningane «Dei likte kvarandre» og «Jentene og gutane spela mot kvarandre».

Spørjepronomen

Spørjepronomena, som òg blir kalla interrogative pronomen, blir oftast brukte i byrjinga av spørsmål. På nynorsk er desse pronomena «kven» og «kva».

Ubestemt pronomen

Det ubestemte pronomenet har ingen bestemt referanse. På bokmål er det ubestemte pronomenet «man», medan ein på nynorsk bruker «ein».

Kjelder

Jan Terje Faarlund ofl.: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Hans-Olav Enger ofl.: Innføring i norsk grammatikk. Oslo 2000

Finn-Erik Vinje: Norsk grammatikk. Oslo 2005

Peikarar

«Pronomen», på Norsksidene – kjelde til kunnskap, pedit.no: http://ressurssidene.pedit.no/web/PageND.aspx?id=9...

Jan Terje Faarlund drøftar om «som» er eit pronomen i Språknytt: https://www.sprakradet.no/Toppmeny/Publikasjoner/S...



Først publisert: 29.07.2015
Sist oppdatert: 14.10.2015