Hopp til innhold
X
Innhald

Pronomen

Pronomen (latin, ’i staden for nomen’), ord som kan stå i staden for eit substantiv eller adjektiv som er nemnt tidlegare eller er kjent på ein annan måte.

Dei fleste har i norsk kasusbøying. Vi deler dei inn i personlege (til dømes eg, du, han), spørjande (kven, kva), det refleksive (seg), det resiproke (kvarandre) og det ubestemte (ein).

Ord som tidlegare vart kalla possessive og påpeikande/demonstrative pronomen, reknar vi i dag til ordklassen determinativ. Det som tidlegare vart kalla det relative pronomenet, altså som, reknar vi i dag til ordklassen subjunksjonar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017