Hopp til innhold
X
Innhald

Valens

Valens (via fransk valence av latin valere, ’vere verdt’), omgrep i språkvitskapen for kor mange og kva slags ledd eit ord knyt til seg i ei setning.

Det er særleg brukt om verb. Alt etter kor mange ledd eit ord knyter til seg, blir det til dømes kalla nullverdig, einverdig, toverdig eller treverdig. Det norske verbet putte er treverdig fordi det knyter til seg tre ledd – subjekt, objekt og adverbial: Kari putta flaska i sekken.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017