Hopp til innhold
X
Innhald

Verb

Verb, ordklasse som mellom anna inneheld ord for handlingar og hendingar. Eit verb kan òg uttrykkje ein aktivitet eller og ein tilstand. Verba blir bøygde i tid, slik at dei kan uttrykkje fortid, notid eller framtid.

På norsk bøyer vi verb i tempus, modus og diatese. Tempus plasserer verbet i tid. Modus seier noko om haldninga talaren har til det som blir sagt. Diatese fortel om subjektet i setninga er aktivt eller passivt.

Når ein bøyer eit verb, er det som regel grunnforma, infinitiv (å like), og tempusformene presens (liker), preteritum (likte) og presens perfektum (har likt) ein nemner. Presens perfektum er sett saman av eit hjelpeverb i presens (har) og eit hovudverb i perfektum partisipp (likt).

Verba er delte inn i bøyingsklasser, under hovudklassene svake og sterke verb.

Svake verb

Dei fleste verba i norsk er svake verb. Kjenneteiknet på eit svakt verb er at det får ei bøyingsending i preteritum. «Å kjøpe» er eit svakt verb, fordi det får bøyingsendinga ‑te i preteritum (kjøpte).

Vi kan vidare dele dei svake verba inn i undergrupper. Dei største undergruppene på nynorsk er e‑verb og a‑verb. A‑verba har endinga ‑ar i presens og endinga ‑a i preteritum (elskar – elska). Dette er den største klassa av svake verb. Når nynorsk tek opp eit nytt verb, får det oftast dette bøyingsmønsteret. E‑verba har endinga ‑er i presens og endinga ‑te eller ‑de i preteritum (lyser – lyste, lever – levde).

Sterke verb

Sterke verb får inga ending i preteritum, men rotvokalen blir ofte endra (gå – gjekk, les – las). På nynorsk har presensforma av sterke verb berre éi staving, som i «eg les», «du skriv», «ho drikk».

Eit verb som er sterkt på nynorsk, er ikkje alltid det på bokmål. «Å lese» er til dømes svakt på bokmål. «Å skrive» og «å drikke» er sterke på bokmål òg, men der endar presensforma på ‑er.

Vidare deler vi sterke verb inn i underklasser. Det er stort sett den same inndelinga på bokmål som på nynorsk, men nokre skilnadar finst. Inndelinga for sterke verb på nynorsk er referert nedanfor. Kriteriet for inndelinga er endringane i rotvokalen.

Verba i den første klassa har ‑ei‑ som rotvokal i preteritum. Til denne klassa høyrer mellom anna verba «å bite» (bite – bit – beit – bite) og «å drive» (drive – driv – dreiv – drive).

I den andre klassa finn vi verb som «å bryte» og «å suge». Desse verba har ‑au‑ som rotvokal i preteritum.

Den tredje klassa har ‑a‑ som rotvokal i preteritum. Her finn vi «å lese» og «å bere».

I den fjerde klassa finn vi mellom anna «å ete» og «å liggje». Her får verba ‑å‑ som rotvokal i preteritum.

Den femte klassa har ein kort ‑o‑ i preteritum, medan sjette klasse har ein lang ‑o‑. Den korte o‑en blir uttalt som å, og vi finn han i «eg kom» og «steinen sokk». Den lange o‑en finn vi i preteritum av «å fare» og «å gale»: «eg fór», «hanen gol».

I den sjuande klassa finn vi dei sterke verba som har ‑e‑ som rotvokal i preteritum, til dømes verba «å få» og «å gråte»: «han fekk», «barnet gret».

I norsk har vi kring 200 sterke verb, og dette talet veks ikkje. Verb kan gå frå å vere sterke til å bli svake. Det skjer gjennom endringar i talemålet som til slutt får innpass i det normerte skriftspråket. Det heiter til dømes «i dag gol hanen», fordi «å gale» er eit sterkt verb. Men det er likevel ikkje utenkjeleg at nokon vil seie «i dag galte hanen». Om mange seier dette lenge nok, kan det bli eit argument for endring i normeringa.

Fullstendige setningar

For at ei setning på norsk skal vere fullstendig, må ho innehalde eit verb som er bøygd (finitt verb). Eit bøygd verb står anten i tempusforma presens, tempusforma preteritum eller i modusforma imperativ. I setninga «eg lo» er verbet «å le» bøygd i preteritum. Saman med subjektet «eg», utgjer det bøygde verbet ei fullstendig setning.

Modus

Modus seier noko om talaren si haldning til det som blir sagt. På norsk har vi valet mellom indikativ og imperativ. Indikativ er den nøytrale modusen. «Eg går», «du les» og «han hoppar» er alle døme på indikativ.

Imperativ er ei bydeform. Den som seier noko, bruker forma for å påby, kommandere eller oppmode, som i «Gå!», «Et!», «Drikk!». Verb i imperativ er sjølvstendige setningar åleine. Dei treng ikkje å ha eit uttrykt subjekt saman med seg.

Fleire språk har òg ein konjunktiv modus. Konjunktiv er ei ønskeform. Ein bøyer ikkje verb i konjunktiv i moderne norsk, men nokre stivna former frå eldre språk sit att. Faste uttrykk som «Gud signe vårt dyre fedreland» og «Leve kongen!» er døme på restar av konjunktiv.

Modale hjelpeverb

«Å kunne», «å skulle», «å vilje», «å måtte» og «å burde» er alle modale hjelpeverb. Når dei står saman med eit anna verb, uttrykkjer dei avsendaren si haldning til det som blir sagt. Om nokon seier «du må gå», meiner vedkomande at det er nødvendig at du går. Seier nokon «eg kan gå», meiner vedkomande at det er mogleg for han eller henne å gå.

Diatese

Vi skil mellom aktive og passive former av verba. Dette blir kalla diatese. Når subjektet i setninga utfører handlinga, er verbet aktivt, som i setninga «eg går». Bruker ein passiv, er det ein annan enn subjektet som handlar. «Eg blei slått» er eit døme på passiv uttrykksform.

På nynorsk uttrykkjer vi passiv ved hjelp av hjelpeverba «bli» eller «verte». Ein annan måte å uttrykkje passiv på er den såkalla st‑passiven. På nynorsk blir st‑passiv berre brukt i infinitiv etter modale hjelpeverb. Hovudverbet får då endinga ‑st: «Denne isen bør smakast av alle.» På bokmål kan s‑passiv brukast også utan at verbet kjem etter eit modalt hjelpeverb.

Ein må skilje bruken av ‑st som passivending frå dei såkalla st‑verba. Døme på slike verb er «å undrast», «å slåst» og «å treffast». Desse verba har ‑st som ending i alle tempusformene. Denne endinga har her ikkje noko med diatese å gjere.

Kjelder

Hans-Olav Enger ofl.: Innføring i norsk grammatikk. Oslo 2000

Jan Terje Faarlund ofl.: Norsk referansegrammatikk. Oslo 1997

Sylfest Lomheim: Språkteigen. Oslo 2002

Finn-Erik Vinje: Norsk grammatikk. Oslo 2005

Minigrammatikk frå Språkrådet, sprakradet.no: http://offentlegrom.sprakradet.no/staten/minigramm... [lesedato 22.4.2014]

Andre artiklar

transitivitet, modalitet, subjekt

Nøkkelord

verb, modalitet, passiv, gjerningsord, modale hjelpeverb

Først publisert: 29.07.2015
Sist oppdatert: 12.08.2015