Mållova var ei norsk lov som regulerte bruken av bokmål og nynorsk i statstenesta. Mållova § 1 slo fast at bokmål og nynorsk er likeverdige målformer og skulle vere jamstilte skriftspråk i alle organ for staten, fylkeskommunane og kommunane. Dei nærmare reglane om bruken av bokmål og nynorsk gjaldt likevel berre for statstenesta. Reglane gjaldt ikkje for Stortinget eller organ for Stortinget. I Den norske kyrkja, i undervisningsverksemd og i rettsstellet gjaldt lova berre den administrative delen av tenesta. Reglane gjaldt ikkje for internt saksarbeid og munnleg språkbruk i statstenesta.

Faktaboks

Fullt namn
Lov om målbruk i offentleg teneste (oppheva)
Kortnamn
Mållova
Forkorting
måll.
Lovdata-ID
NLO/lov/1980-04-11-5

Lova avløyste lov om målbruk i statstenesta frå 1930. Lova vart avløyst av språklova 1. januar 2022, som vidareførte mykje av innhaldet i mållova.

Innhaldet i lova

Sentrale, regionale og lokale statsorgan

Lova og forskrifta til lova skilde mellom sentrale, regionale og lokale statsorgan. Sentrale statsorgan har heile landet som tenestekrins (til dømes departement og direktorat). Tenestekrinsen til regionale statsorgan femner om fleire kommunar (til dømes fylkesmennene). Lokale statsorgan har éin kommune som tenestekrins (til dømes lensmannskontor). Det gjaldt noko ulike reglar for desse organa.

Sentrale statsorgan er språkleg nøytrale og har ikkje tenestemål. Tenestemålet for eit regionalt statsorgan skulle samsvare med fleirtalsmålforma for kommunane i tenestekrinsen. Reglar for utrekning av fleirtalsmålform var fastsette i mållova § 7. Tenestemålet til eit lokalt statsorgan skulle samsvare med målvedtaket i den kommunen som er tenestekrins for organet.

Rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell

I rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang o.l. skulle sentrale statsorgan veksle mellom målformene slik at inga målform var representert med mindre enn 25 prosent. Regionale og lokale statsorgan som hadde tenestemål, skulle bruke tenestemålet i slike tekstar. Regionale og lokale statsorgan utan tenestemål skulle veksle mellom målformene slik at det blei eit rimeleg samhøve mellom dei. Reglane var fastsette i mållova § 8 og forskrifta § 6. For tilfang med særleg tilknyting til eit geografisk avgrensa område eller ein kommune gjaldt eigne reglar.

Rettane til private rettssubjekt

Mållova § 6 fastsette at private rettssubjekt, det vil seie alle andre enn offentlege instansar, skulle ha svar i den målforma som var nytta i det innkomne skrivet. Private rettssubjekt kunne vidare krevje ei bestemt målform i alle løyve, faste formular o.l. som direkte gjaldt dei sjølve. Løyve og faste formular er til dømes sjølvmeldingar, skattekort, førarkort, attestar, pass, konsesjonar, vitnemål og førelegg. Forskrift om målform i eksamensoppgåver hadde føresegner om målbruk i eksamensoppgåver ved statlege utdanningsinstitusjonar.

Skjema

Mållova § 8 fastsette at skjema skulle liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer.

Målvedtak i kommunane

Etter mållova § 5 kunne eit kommunestyre gjere vedtak om å krevje ei viss målform i skriv frå statsorgan til kommunen eller gjere vedtak om at kommunen skulle vere språkleg nøytral. Tilsvarande vedtak kunne fylkestinget gjere for fylkeskommunen. Målvedtaka til kommunane avgjorde tenestemålet til regionale og lokale statsorgan.

Namn på statsorgan

I forskriftene § 4 var det fastsett at dersom det ikkje høvde med den same namneforma på bokmål og nynorsk, skulle namnet på eit statsorgan ha ei bokmålsform og ei nynorskform.

Tilsette skal meistre begge målformer

Tilsette i embete eller tenestepost i staten der skriftleg utforming var ein del av tenesta, plikta å nytte bokmål og nynorsk etter dei reglane som til kvar tid gjaldt for målbruk i statstenesta. For utanlandske statsborgarar gjaldt plikta til å nytte begge målformer berre dersom dei har norsk vidaregåande utdanning med sidemålsopplæring eller universitets- eller høgskuleutdanning i norsk eller tilsvarande opplæring i norsk. Kvart statsorgan hadde ansvaret for at dei tilsette innan rimeleg tid fekk nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk.

Klage og tilsyn

Lova hadde reglar for retten til å klage dersom ein meinte at eit statsorgan ikkje følgde lov eller forskrift om målbruk i offentleg teneste. Kultur- og kyrkjedepartementet førte tilsyn med departementa, medan Språkrådet førte tilsyn med statsorgan under departementsnivå. Mange statsorgan oppfyller ikkje krava i mållova.

Historikk

Revisjon og oppdatering av lova

Kultur- og kyrkjedepartementet varsla i språkmeldinga til Stortinget våren 2008 at departementet skulle vurdere regelverket. Det skulle mellom anna vurderast om systemet med målbruksreglar tufta på dei kommunale målvedtaka burde justerast eller gjerast meir robust med tanke på endringar i kommunestrukturen, om det burde vere målbruksreglar også for kommunar og fylkeskommunar, ikkje berre i staten, om reglane kunne tilpassast betre til nye teknologiske rammevilkår, og korleis ein kunne sikre betre etterleving av reglane. Formålet var å styrkje mållova som eit effektivt instrument for måljamstelling. Ei ny lov skulle ikkje svekkje grunnleggjande prinsipp som kvotekravet på 25 prosent for sentrale statsorgan og retten til å få svar på brev i eiga målform.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. 1983
  • Oddrun Grønvik: Målbruken i offentleg teneste i tida 1930–1940. Oslo 1987
  • Kultur- og kyrkjedepartementet: Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk. Kortversjon av St.meld. nr. 35 (2007–2008)
  • Kulturdepartementet: Målbruk i offentleg teneste – reglar og råd. Oslo 1995
  • St.meld. nr. 35 (20072008): Mål og meining. Ein heilskapleg norsk språkpolitikk

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg