Hopp til innhold

Namnelova

Namnelova, lov av 2002 som mellom anna seier at alle skal ha fornamn og eitt enkelt eller dobbelt etternamn, og at ein i tillegg kan ha mellomnamn.

Seinast når eit barn fyller seks månader, skal den eller dei som har foreldreansvaret for barnet, sende melding om kva namn barnet skal ha. Har barnet fylt seks månader utan at det er sendt melding eller utan at meldinga blir godteken, får barnet etternamnet til mora.

Om etternamn blir det mellom anna sagt at namn som fleire enn 200 personar har som etternamn, kan bli tekne som etternamn av andre utan samtykkje frå dei som allereie har det. Det er vidare mogleg å bruke fornamnet til ein av foreldra med ei ending som viser slektskapet som etternamn. Når namnet har ein tradisjon i ein kultur som tillèt det, kan ein bruke fornamnet til ein av besteforeldra med ending som viser slektskap. Det er også tillate å ta namn som er eller har vore fornamnet til ein av foreldra eller besteforeldra, når namnet har ein tradisjon i ein kultur som ikkje skil mellom fornamn og etternamn. Ein kan setje saman to namn som kan bli tekne som etternamn til eit dobbelt etternamn med bindestrek mellom.

For mellomnamn gjeld det at namn som kan bli tekne som etternamn, også kan bli tekne som mellomnamn.

Peikarar

Lov om personnamn (namnelova)

Namnestatistikk hos Statistisk sentralbyrå

Nettsidene til Norsk namnelag

NOU 2001: 1 Lov om personnavn— Tradisjon, liberalisering og forenkling

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.04.2012
Sist oppdatert: 14.01.2019