Hopp til innhold

Tenestemål

Tenestemål er hovudmålforma til eit lokalt eller regionalt statsorgan. Tenestemålet skal nyttast i rundskriv, kunngjeringar og informasjonsmateriell som desse statsorgana lagar. Reglane er fastsette i lov om målbruk i offentleg teneste (mållova) og i forskrifta til lova.

Etter mållova § 5 kan ein kommune gjere vedtak om å krevje bokmål eller nynorsk i skriv frå staten. Tenestemålet til eit lokalt statsorgan er den målforma vertskommunen har gjort vedtak om etter § 5 i lova. Er vertskommunen språkleg nøytral, er også det lokale statsorganet språkleg nøytralt.

Tenestemålet til eit regionalt statsorgan er fleirtalsmålforma i tenestekrinsen til statsorganet. Er det inga fleirtalsmålform i tenestekrinsen, er det regionale statsorganet språkleg nøytralt. Reglar for utrekning av fleirtalsmålform finst i mållova § 7. Til grunn ligg målvedtaka i kommunane.

Av 428 kommunar (2015) har 158 kommunar kravd bokmål og 113 nynorsk i skriv frå staten. 157 er språkleg nøytrale. Nynorsk er fleirtalsmålform i fire fylke: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Bokmål er fleirtalsmålform i ni fylke. Seks fylke har ikkje fleirtalsmålform og er språkleg nøytrale: Oslo, Telemark, Aust-Agder, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Troms.

«Tenestemål» blir stundom forveksla med nemninga «administrasjonsmål». Administrasjonsmål er den målforma ein kommune eller fylkeskommune vedtek å bruke i sin eigen administrasjon. Det er oftast, men ikkje alltid, samsvar mellom administrasjonsmålet og den målforma kommunen har gjort vedtak om etter § 5 i mållova. Vedtak om kommunalt administrasjonsmål er ikkje vedtak etter mållova.

Kjelder

Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Oslo 1983

Kulturdepartementet: Målbruk i offentleg teneste – reglar og råd. Oslo 1995

Ottar Grepstad: Språkfakta 2015, publisert digitalt på aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprakfakta_2015/ [lesedato 3.10.2016]

Peikarar

Lovdata: Lov om målbruk i offentleg teneste (mållova)

Språkrådet: Om mållova, klagerett, statistikk og rapport om målbruk

Først publisert: 12.02.2010
Sist oppdatert: 19.02.2018