Hopp til innhold

Omlyd

Omlyd, omgrep i språkvitskapen for ein assimilasjon, som regel slik at vokalen i éi staving blir meir lik vokalen i den neste.
Les meir om Omlyd

Prosodi

Prosodi, den delen av fonologien som gjeld forholdet mellom fleire lydar eller fenomen som strekkjer seg over fleire lydar.
Les meir om Prosodi

Retrofleks

Retrofleks (av latin retro, ’bakover’, flexum, ’bøygd’), omgrep i språkvitskapen som blir brukt om ein språklyd som blir danna med tungespissen bøygd oppover og bakover.
Les meir om Retrofleks

Staving

Staving, omgrep i språkvitskapen for ei eining som er bygd opp av språklydar, som regel med ein vokal som nukleus (kjerne) og med éin eller fleire konsonantar framfor (opptakt) og etter seg (koda).
Les meir om Staving

Tonem

Tonem eller tonelag, tonar som skil ord frå kvarandre i eit språk. Eit døme er norsk hender (fleirtal av hand) og hender (presens av å hende) har høvesvis tonem 1 («enkelt tonelag») og tonem 2 («dobbelt tonelag»).
Les meir om Tonem