Hopp til innhold
X
Innhald

Fonetikk

Fonetikk, omgrep som blir brukt om den fysiske lydlæra, altså studiet av talen som fysisk fenomen.

Fonetikken blir delt inn i artikulatorisk fonetikk (studiet av korleis språklydane blir laga, altså av taleorgana og funksjonen deira), akustisk fonetikk (studiet av dei fysiske eigenskapane til språklydane) og auditiv fonetikk (studiet av korleis vi oppfattar språklydane).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017