Hopp til innhold
X
Innhald

Frikativ

Frikativ, omgrep som i språkvitskapen blir brukt om ein språklyd som blir danna med så kraftig innsnevring i talekanalen (munnen, svelget, strupen) at det oppstår ein friksjon som kan høyrast: f, v (engelsk very), th (engelsk think, that), s, z (engelsk zoo), sj (austnorsk sjø), kj (austnorsk kjole).

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017