Hopp til innhold
X
Innhald

Guttural

Guttural (av latin guttur, strupe), omgrep som i daglegtalen blir brukt som adjektiv om det som kjem frå strupen, altså om lydar eller stemmer som blir danna eller synest å kome frå langt nede i halsen, og som dermed er grautete. I fonetikken er guttural ei forelda nemning på strupelydar, altså konsonantar som blir artikulerte i den bakre delen av munnhòla, til dømes g og k.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017