Hopp til innhold
X
Innhald

Omlyd

Omlyd, omgrep i språkvitskapen for ein assimilasjon, som regel slik at vokalen i éi staving blir meir lik vokalen i den neste.

Vokalvekslingane i tanntenner, bokbøker og ungyngre kjem av omlyd, nærare bestemt ein i-omlyd fordi bøyingssuffikset tidlegare (i urnordisk tid) inneheldt ein i som har påverka vokalen i den første stavinga.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017