Retrofleks er ein språklyd som vert artikulert med tungespissen bøygd oppover og bakover i munnen. Slike lydar er vanlege i austnorsk.

Faktaboks

Uttale
retroflˈeks
Etymologi
av retro- og -fleks

Nokre døme på retroflekse lydar er språklydane (IPA-lydskrift i hakeparentesar [ ])

  • rt [ʈ] i ord som ert
  • rd [ɖ]i ord som ferdig
  • rn [ɳ]i ord som barn
  • rl [ɭ]i ord som ærlig

Såkalla tjukk l i austnorsk er ein retrofleks «flap». Denne lyden førekjem i ord som Ola og folk.

Eldre nemningar for retrofleks er kakuminal og cerebral.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg