Hopp til innhold
X
Innhald

Staving

Staving, omgrep i språkvitskapen for ei eining som er bygd opp av språklydar, som regel med ein vokal som nukleus (kjerne) og med éin eller fleire konsonantar framfor (opptakt) og etter seg (koda).

Båt har éi staving, der b er opptakt, å er kjerne og t er koda. Blomstre har to stavingar, der høvesvis o og e er kjerne, og leksikon har tre stavingar, med høvesvis e, i og o som kjerne. Grensa mellom to stavingar er ofte vanskeleg å avgjere eintydig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017