Hopp til innhold
X
Innhald

Tonem

Tonem eller tonelag, tonar som skil ord frå kvarandre i eit språk. Eit døme er norsk hender (fleirtal av hand) og hender (presens av å hende) har høvesvis tonem 1 («enkelt tonelag») og tonem 2 («dobbelt tonelag»).

Det finst i norsk, svensk, litauisk og bosnisk-serbisk-montenegrinsk-kroatisk, men er elles uvanleg i Europa. Det finst likevel truleg i eit fleirtal av språka i verda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017