Hopp til innhold
X
Innhald

Vokalharmoni

Vokalharmoni, det forholdet at det skal vere samsvar i kvaliteten mellom alle vokalane i eit ord.

Eit døme er finsk, der vokalane a, o, u ikkje kan stå i det same ordet som ä, ö, y. Kasuset inessiv har suffikset -ssa i autossa, ’i bilen’, men suffikset -ssä i kylässä ’i landsbyen’.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017