Hopp til innhold
X
Innhald

Bibelomsetjing

Bibelomsetjing, det største og mest langvarige omsetjingsarbeidet av noko verk. Bibelen er omsett til meir enn 2500 språk. På nynorsk kom den første av seks komplette omsetjingar i 1921, den nyaste i 2011.

Bibelen er ei religiøs skriftsamling som er overlevert i mange handskrifter. Det meste av Det gamle testamentet (GT) er skrive på hebraisk, medan Det nye testamentet (NT) er skrive på gresk. Ulike utgåver av grunntekstane har vore brukte i omsetjingane fram gjennom tidene. Bibelen eller delar av Bibelen er omsett til meir enn 2500 språk. Både til riksmål/bokmål og til nynorsk har Bibelen vore omsett seks gonger. Etter 1945 har bibelomsetjinga stort sett vore utført parallelt og samstundes på nynorsk og bokmål.

Då Noreg vart kristna, fekk innbyggjarane gjennom kyrkjer, kloster og gudstenesteliv tilknyting til den ålmenne romersk-katolske kyrkja til liks med dei andre nordiske landa. I mellomalderen fanst det ein ganske rikhaldig litteratur på det kristelege området med Stjórn (delar av GT) og preikesamlinga Gamal Norsk Homiliebok som dei fremste verka på norrønt. Ein kristen terminologi vart utvikla i denne litteraturen.

Ved reformasjonen i 1536 var det uråd å knyte band attende til språket i mellomalderen for kyrkja i Noreg. No var ho sameint med den danske både i bibel, salmebok og gudstenestespråk. Den rådande bibelomsetjinga etter reformasjonen vart Christian IIIs bibel frå 1550.

Bibelen og andre religiøse skrifter var den litteraturen som var mest utbreidd hos folk flest her i landet på 1800-talet. Sidan det eksisterte ein litterær fellesskap med Danmark heilt frå reformasjonstida, var det religiøse språket i Noreg for det meste dansk. Saman med den nasjonale og demokratiske vakninga kom det snart ønske om å få dei religiøse tekstane på norsk.

Det vart gjort freistnader på å omsetje delar av Bibelen til norske dialektar alt frå 1698. Eit støtt grunnlag for ei slik fornorsking fekk ein først då Ivar Aasen hadde lagt fram sin normal gjennom grammatikkar i 1848 og 1864, og ordbøker i 1850 og 1873. Dei som interesserte seg for den nye målforma, meinte at formidlinga av den kristne bodskapen ville verte lettare når tekstane rykte nærare talemålet.

Arbeidet med å omsetje Bibelen til nynorsk kom offisielt i gang i 1881. Den første komplette omsetjinga til nynorsk låg føre i 1921. Revisjonar og nye omsetjingar kom ut i 1938, 1961, 1978, 1994 og 2011. På riksmål låg Bibelen første gongen føre i 1904. Her kom seinare revisjonar og omsetjingar ut i 1930, 1961, 1978, 1988 og 2011.

Grunntekstar og grunnspråk

Når Bibelen skal omsetjast, er det ikkje berre å gå til ein tekst og eitt språk. Likt annan litteratur frå antikken er Bibelen overlevert i mange handskrifter. Tekstane har vorte til gjennom ein lang tidbolk, truleg 800–1000 år, og ingen av tekstane er frå den tida teksten vart forfatta.

Det gamle testamentet (GT) er skrive på hebraisk, med unntak av korte stykke av Profeten Daniel og Esra, som er på arameisk. Dette er ein sams tekst for jødedomen og kristendomen, og det er i det jødiske miljøet at dei gamle skriftene er tekne vare på. Då templet i Jerusalem vart øydelagt og dermed dei religiøse institusjonane som var knytte til det, skjedde det ei konsolidering i dei religiøse miljøa, etter Bertil Albrektson kring år 100.

Den fariseiske retninga vart leiande, og deira teksttradisjon var den berande. I dette miljøet var dei svært omhugsame for skrifta: «varje bokstav, varje detalj var betydelsefull som bärare av den guddomliga uppenbarelsen» (Albrektson 1974:20). Det hebraiske skriftspråket var skrive berre med konsonantteikn, vokalane var sette til under den munnlege framføringa.

Spreiinga av dei jødetruande kring i Midt-Austen gjorde at det etter kvart vart mange tekstar i omlaup, og det vart naudsynt å standardisere tekstane. Det var dei skriftlærde, dei såkalla massoretar (masôræt tyder tradisjon), som byrja å setje inn vokalteikn og ville sikra ein korrekt lesemåte. Denne kom til på 900-talet.

Den GT-teksten som seinare har vore nytta, er frå 1008. Codex Leningradensis vert handskrifta kalla, av di ho finst i ei samling i Leningrad (no St. Petersburg). Denne teksten har ofte tent som opphavstekst for omsetjingar av GT.

Dei såkalla Daudehavsrullane eller Qumran-tekstane skapte i si tid stor entusiasme då funna vart gjorde i tida 1947–1960. Då sat ein mellom anna brått med bibeltekstar som er iallfall frå 800 til 1000 år eldre enn tidlegare kjende tekstar; alle frå tida før år 68 e.Kr. Utsegner frå handskriftgranskarar tyder på at skilnaden frå desse gamle tekstane til dei som allereie var kjende, ikkje var særleg stor. Den trykte tekstutgåva som er vanleg å bruke, og som vart nytta av Bibelselskapet i 1970-åra, er R. Kittel: Biblia Hebraica, 3. utgåva. Denne inneheld den ovannemnde massoretteksten frå Leningrad, med variantar frå andre kjelder.

To tidlege omsetjingar av den hebraiske teksten i GT er den greske Septuaginta og den latinske Vulgata; den siste inneheld òg Det nye testamentet (NT). Den greske omsetjinga vart til i Alexandria, truleg til hjelp for gresktalande jødar i diasporaen, som ikkje lenger forstod dei hebraiske tekstane. Septuaginta er tidfesta til kring 100 år f.Kr. Vulgata er ei omsetjing til latin som Hieronymus utarbeidde i åra 382–405. Det vart den vanlege teksten i Romarkyrkja, autorisert som offisiell bibeltekst i den katolske kyrkja på Trientkonsilet 1546.

Teksten i NT byggjer på handskrifter skrivne på gresk. Sidan talet på handskrifter til dei 27 skriftene i NT er stort, har det alltid vore ei svær oppgåve å finne fram til dei mest pålitelege handskriftene og velje mellom dei mange variantane som finst. I den lange soga til kristendomen har òg handskriftgrunnlaget endra seg, med di det har vorte funne ukjende handskrifter. Midt på 1800-talet vart det gjort fleire store tekstfunn. Bibelteologane er jamt over samde om at det helst er i småting at tekstane skil seg frå kvarandre. Avgjerande skilnader i teksten finn dei ikkje.

Nokre av handskriftene har gjerne fått meir omtale enn andre. Det gjeld særleg Codex Sinaiticus, Codex Vaticanus og Codex Alexandrinus. Codex Sinaiticus var funnen i Katharinaklosteret på Sinai  i 1844 og 1859 av Constantinus von Tischendorf. Denne handskrifta kan reknast attende til 300-talet og inneheld heile NT. Codex Vaticanus, som ved sida av største delen av Septuaginta inneheld det meste av NT, høyrer òg 300-talet til. Codex Alexandrinus inneheld òg Septuaginta og det meste av NT og vart truleg til i Egypt på 300-talet.

Den mest kjende og nytta teksten til grunnlag for omsetjingar til nasjonalspråka i Europa i fleire hundre år, er den såkalla Textus receptus, utsend av familien Elzevier i Leiden og Amsterdam. Namnet skriv seg frå ei setning i føreordet til andre opplaget 1633: «Textum ergo habes, nunc ab omnibus receptus» (Du har altså ein tekst, godteken av alle). Då dei nye handskriftene dukka opp på 1800-talet, vart det laga nye tekstutgåver, der variantar av tekstane vart tekne med. Tischendorf sine tekstutgåver (Novum Testamentum Graece, 1869 og 1872) vart mykje nytta, sameleis utgåva av Cambridge-professorane B.F. Westcott og F.J.A. Hort (The new Testament in the original Greek, 1881).

Den mest brukte grunntekstutgåva i Noreg er truleg Novum Testamentum Graece av tyskaren Erwin Nestle. Denne kom første gongen i 1898 og seinare i mange utgåver.

Ei anna nyare grunntekstutgåve er The Greek New Testament, redigert av Kurt Aland, Matthew Black, Bruce M. Metzger og Allen Wikgren av United Bible Societies (1966), seinare i fleire nye utgåver med ein noko utvida redaksjonsstab.

Omsetjingsmetodar 

Å omsetje vil seie å føre ein språkleg tekst over frå eit språk til eit anna; her taler vi om skriftlege tekstar. Det er ulike strategiar å gjere seg nytte av i omsetjingsarbeidet. To hovudretningar er vanlege å rekne med: Den eine er ord-for-ord-omsetjing, òg kalla den litterale metoden. Den andre er meiningsomsetjing, òg kalla den idiomatiske metoden.

Etter ord-for-ord-omsetjingsmetoden gjeld det å halde seg så nær teksten som mogeleg og å omsetje teksten ord for ord, så likt i språkleg utforming som råd er. Nokre kjennemerke er at orda bør høyre til i same ordklassen som i grunnteksten, substantiv bør avløysast av substantiv, verb av verb osb. Til og med i grammatiske former bør ein freiste å få samsvar. Når det i skapingssoga i 1 Mosebok heitte «vatni» tidlegare, var det av di det hebraiske ordet for ’vatn’ var eit fleirtalsord.

Setningsbygnaden i grunnteksten burde følgjast; hovudsetningar og undersetningar skulle kome i same form og i same rekkjefølgd. Likelydande ord skulle omsetjast til same ord i målspråket, såkalla konkordans. Dette er eit vanskeleg krav av di eit ord kan ha fleire tydingar både i grunnspråket og i målspråket. Etter ei streng oppfatning av ord-for-ord-metoden ville ein omsett tekst vere bortimot ulesande.

Mottoet for meiningsomsetjings-metoden kan formulerast slik som den svenske teologen Birger Olsson har gjort det: «En översättning skall om möjligt förmedla det samma till sina mottagare som originalet en gång gjorde til sina» (Olsson 1968:277). Med eit slikt mål for auga skjer ofte følgjande språklege endringar frå original til omsett tekst:

–        Forkorting og forenkling av setningane. Lange setningar vert delte opp, og rekkjefølgja av setningsdelane kan verte endra til ei meir logisk.

–        Skifte av ordklassar. Til dømes vert verbalsubstantiv avløyste av verbfrase.

–        Overføring av informasjon i implisitt form til eksplisitt. I staden for å omsetje ordet direkte, definerer eller forklarer ein det. Eit godt døme på det finn vi i Jehovas vitne-bibelen. Der vert nåde omsett med «ufortjent godhet», etter mønster frå den engelske Jehova-bibelen, der grace vert omskrive til undeserved kindness.

–        Meir bruk av ord som er høgfrekvente i språket. Jamvel om ord kan vere rette og gode omsetjingar, nyttar det ikkje å halde dei oppe i omsetjingane dersom dei er lite brukte i språket elles. Frå eldre bibelspråk kan nemnast ordet hugvekkjing, eit ord som Elias Blix sette inn i 1 Kor, og som ikkje finst i litteraturen elles. No heiter det påminning.

Alt i alt gjeld det i meiningsomsetjinga å skape ein jamverdig tekst som skal formidle meininga på ein tenleg måte. Eit viktig namn i denne retninga er amerikanaren Eugene A. Nida. Han har skrive fleire verk om omsetjingsteori og fekk mykje merksemd i 1960- og 70-åra (Nida 1964). Frå han har vi omgrepet dynamisk ekvivalens. Det må sjåast i samanheng med omgrepet formal ekvivalens, som var Nidas namn på ord-for-ord-omsetjing. Dynamisk ekvivalens vil seie at ein skal omsetje meininga i grunnteksten slik at ho har same verknad på lesaren som den opphavlege teksten hadde. Etter dette kan ein seie at innhaldet kjem først, språket og stilen deretter.

Desse to retningane er i nokon mon motsetnader, og ein må tenkje seg dei mest utrerte døma som endepunkta på ein akse. Det ytste punktet for ord-for-ord-omsetjinga må vere det ein ser i interlineære tekstutgåver, der grunnteksten er omsett mellom linene med bruk av det ein kallar glosser. Det andre ytterpunktet vert rein parafrase, som i bibelsoger, barnebiblar og somme moderne bibelutgåver. Dei fleste omsetjingane ligg på aksen mellom ytterpunkta. Det er klårt at ordvalet i omsetjinga vil verte styrt av kvar omsetjaren plasserer seg på denne aksen.

Bakgrunn for bibelomsetjing til nynorsk

1800-talet var tida for nasjonsbygging, i politikken, i kulturlivet og i det kyrkjelege livet. Framvoksteren av nynorsken høyrer så absolutt med her. 

I kyrkja fanst det eit veletablert språk. Bibeltekstane var mykje godt felles for Noreg og Danmark, der dugande teologar og språkfolk hadde utvikla det religiøse målet gjennom mange hundreår. I kyrkjeromet hadde danske salmediktarar av format rådd grunnen, og i heimane hadde dei også funne sin plass. Det ser vi av alle folketonane som finst, m.a. til salmane av H.A. Brorson. I denne tekstsfæren skulle så noko nytt vekse fram.

Nynorsken hadde ikkje nokon lett veg inn i den kristne tekstverda. Det var sterk motstand mot den nye målforma både hos ålmenta og i dei kyrkjelege institusjonane. Argumenta mot nynorsken var til vanleg at denne målforma ikkje høvde til sakralt bruk. Ein meinte at nynorsken ikkje hadde den kulturelle bakgrunnen som eit språk måtte ha dersom det skulle dekkje den eldgamle tradisjonen og dei mangefarga religiøse røynslene som var nedfelt i dei heilage skriftene. Det var òg ei ulempe å skiple den språklege einskapen som hadde rådd i den norske kyrkja. Dei lesekunnige, og dei som lydde på bibeltekstar og liturgiske tekstar i kyrkja, var vane med ei målform som dei kunne lese og skjøne. Det var difor ikkje tale om ei misjonerande omsetjing.

Dei norske bygdemåla skulle løftast opp til religiøs bruk. No er det for enkelt å seie at det tradisjonelle sproget var einerådande.  Religiøse dikt på bygdemål fanst rundt omkring, men var sjeldan ålmenne. Det gjævaste var Draumkvedet, som levde hos nokre få personar.

I den kulturbygginga som no byrja, vart det samla mange steinar. Språkformene spegla att dialektane, og av dei skriftnormalane som var oppstelte, var Ivar Aasens heilt i særklasse. Tekstane som skulle bere fram dei kristne sanningane, var av mange slag; i salmebok og bibel fanst dei viktigaste. Ein bør nemne salmane først, det er kronologisk rett, og ein kan seie at nynorske salmar var ein vegopnar for bibeltekstane. Det var sjølvsagt Ivar Aasen sitt arbeid som gav legitimitet til det som no skjedde.

I den nynorske kulturhistoria har det religiøse språket hatt stort rom, ikkje minst av di den språklege sfæren var både privat og ålmenn, og dei same tekstane vart nytta til privat bruk, til ritualisert bruk og til grunnlag for formell og fri tale – med ei naturleg tilskunding til normalisert språkbruk. Tilhøvet i mengd og utbreiing mellom dei religiøse tekstane og andre tekstar var heilt annleis i grunnleggingstida for nynorsk enn no.

Dei første forsøka

Det var etter at Ivar Aasen hadde lagt fram dei første skriftene om landsmålet at det byrja å kome freistnader på å bryte med den danske omsetjinga av bibeltekstane. Her vart både bygdemål og meir private normeringar av norsk nytta.

Ivar Brovold (1823–1910) skreiv om nokre evangelietekstar til romsdalsmål 1853, og Werner Werenskjold (1831–1909) gav ut heile Johannes-evangeliet på vesttelemål 1871. Werenskjold hadde den føremonen at telemålet var kjent i skrift gjennom folkeviseutgåvene til Sophus Bugge og M.B. Landstad. Målet i omsetjinga er halden i ein noko høglagd stil som høver til evangelieteksten. Eit tilnærma sunnmørsmål er nytta i nokre bibeltekstar som Olaus Johannes Fjørtoft (1847–78) gav ut i 1871 og 1872. Fjørtoft var tilhengjar av ei skriftform som mest mogeleg reflekterte talemålet, og som veik av frå Aasens landsmål. Han skreiv aue og ore og jora og dokke og dokkar.

Trufast mot Aasen-norma var Georg Grieg, som i 1870 gav ut ei omsetjing av Markus-evangeliet til landsmål. Georg Grieg var ein av skiparane av Vestmannalaget (1868), og omsetjinga hans kom ut i Bergen. Grieg hadde tidlegare omsett Luthers katekisme og Bunyans The Pilgrim’s Progress. Han var såleis van med den religiøse terminologien.

Grieg samarbeidde med Aasen. Han var på den tida atterhaldsam når det galdt å presentere religiøse tekstar på landsmål, men skreiv merknader til teksten av Grieg. Aasen ville styre unna framandord, til dømes gjorde han framlegg om avløysarar av synagoga, som til sist vart heitande Samningsstova i Griegs tekst. I formverket tok Grieg vare på så mykje som råd var, til dømes av dativformer. Teksten verkar difor noko tunglesen i dag. I si tid var utgåva viktig av di ho kom så tidleg, og med eit mål som synte at nynorsken kunne brukast i ein slik tekst.

Nytestamentet i 1880-åra

Det store arbeidet med nynorsk bibelomsetjing vart gjort i 1880-åra. Det var først og fremst dei politiske føresetnadene som låg til rette for eit slikt arbeid då. No vart omsetjinga ei offentleg sak. Argumenta som kom fram i ein stortingsdebatt 1881 om «Prøveoversettelsen», var både demokratiske, kristelege og først og fremst nasjonale. Det enda med at Stortinget løyvde pengar til Det norske Samlag «paa Betingelse, at Kirkedepartementet godkjender Valget af de Mænd, der overtage Oversættelsesarbeidet, samt at Arbeidet, før det udgives, undergives en Bedømmelse, som nævnte Departement finder betryggende» (Storthingstidende 1881:1207).

Samlaget gjorde framlegg om Elias Blix (1836–1902) som hovudansvarleg for omsetjinga. Han tok på seg oppgåva på «Betingelse af Bistand fra Sprogforskeren Ivar Aasen», og det fekk han. Blix tok i ferd med Romar-brevet, og vinteren 1882 arbeidde Blix og Aasen saman om omsetjinga.

Utanom Blix vart Johannes Belsheim (1836–1902) og Matias Skard (1846–1927) dregne inn i arbeidet. Ivar Aasen var òg med på samrådingane dei hadde. Etter kvart som dei ymse skriftene låg føre, vart dei sende til departementet sine konsulentar, professorane F.W. Bugge og C.R. Unger til fråsegn. Skriftene vart prenta når departementet hadde godkjent omsetjingane. I 1889 var alle skriftene omsette, og Det nye Testamente vart sendt ut «paa norskt Folkemaal og utgjevet med Statskostnad».

Dette er den einaste offisielle bibelteksten som har kome ut i Noreg, dersom ein med offisiell meiner både kosta og godkjend av staten.

Det var verdfullt at NT-omsetjinga fekk politisk stønad og velvilje frå første stund. Den institusjonen som tok seg av bibelutsendinga på den tida, Det norske Bibelselskap, synte inga interesse for arbeidet.

Dei tre omsetjararane delte oppgåva mellom seg, og sidan dei sat mykje saman i arbeidet med tekstane, er det vanskeleg å finne særkjenne i språket til kvar omsetjar. Samla sett var ekspertisen stor i dette omsetjingslaget. Elias Blix var professor i hebraisk, Johannes Belsheim var lærd handskriftgranskar, og Matias Skard og Ivar Aasen representerte den norskspråklege kompetansen, der Elias Blix òg hadde lang røynsle som salmeomsetjar og salmediktar.

Formelt følgde tekstane Aasens grammatikk og ordbok, og det var etter alt å døme Aasen og Blix som hadde det avgjerande ordet om språket.

Med denne omsetjinga vart grunnen lagd for at nynorsk kunne nyttast i kyrkja. Frå nynorskhald såg dei kyrkja som ei viktig borg å vinne. No byrja striden for å få nynorske salmar og nynorsk liturgi inn i kyrkja. Salmane til Blix fanst alt, sameleis tekstar og liturgi. No trongst òg ein fullstendig Bibel.

Alexander Seippels innsats

Det mest lysande namnet i rekkja av nynorske bibelomsetjarar var òg verksam i dette tidsrommet. Alexander Seippel (1851–1938) gav ut 1 Mosebok i 1905 og Profeten Esaias i 1938. I mellomtida hadde han sendt ut eit tjuetal skrifter både frå Det nye og Det gamle testamentet.

Seippel førte ein ny stil inn i bibelmålet. Det var lite gjort med GT før Seippel, så kontrasten til den danskfarga omsetjinga i kyrkjebibelen var stor. Det kan vere noko av forklaringa på kvifor så mange taler om Seippels omsetjingar som særskilt folkelege. No ønskte Seippel å skrive folkeleg, vi har hans eigne utsegner om det. Talemålet han bygde på – setesdals- og telemålet – hadde synt seg å duge i litterær bruk i andre samanhengar. «Folkeleg og vyrdeleg på same tid», var Ragnvald Indrebøs karakteristikk av stilen i omsetjingane frå Seippel (Indrebø 1938:115).

Ei side ved ordvalet hos Seippel var at han nytta ord som på ein særskild måte var knytte til norsk miljø. Dei kunne nok vere med på «å viske ut meget av det særlig østerlandske i forestillingene og tenkesettet», som Sigmund Mowinckel skreiv. Dette gjeld heimlege ord som grend for by eller landsbytun for torggranne for næstejarl for landshovdingsvein for tenarleiv for braud.

I målformene støtta Seippel seg helst til midlandsnormalen, men han gjorde visse endringar i dei meir enn tretti åra han sette om bibeltekstar.

Seippels omsetjingar kom til å verte eit viktig tilskot til den første nynorske bibelen, som kom i 1921.

Fyrebilsbibelen 1921

Arbeidet med å omsetje meir av Bibelen enn berre NT byrja kort tid etter at Blix i 1899 hadde revidert den første omsetjinga frå 1889. Blix døydde frå omsetjinga av Salmane etter å ha gjort ferdig dei 53 første; resten vart omsett av Peter Hognestad. I 1904 kom Salmarne. Umsette fraa Hebraisk, og Bibelselskapet var forleggjar. Same året gav Seippel ut 1 Mosebok på Samlaget, som fekk løyving frå staten.

I desse åra hadde dei som var interesserte i nynorsk mål, fått sin eigen organisasjon gjennom Noregs Mållag (skipa 1906), nynorsk vann større rom i undervisning og skular (berre i 1908 gjekk 400 skulekrinsar over til nynorsk), og den litterære produksjonen på nynorsk auka.

I kyrkja hadde Blix-salmane vore godkjende sidan 1892, og etter kvart vart nynorsken teken i bruk som preikemål. I 1907 vart nynorsk tekstbok og altarbok (omsette av Peter Hognestad) autoriserte av departementet (prenta 1908). Jamt fleire kyrkjelydar tok den nynorske liturgien i bruk, og i 1923 vart nynorsk brukt i 130 kyrkjer (Aure 1924:15). På denne bakgrunnen var det ikkje underleg at saknet av ein nynorsk bibel vart merkande.

Initiativet til det store omsetjingsarbeidet kom frå Studentmållaget i Oslo.  Sigvat Heggstad fremja våren 1916 ein plan for arbeidet. Det vart 22. mai 1916 skipa ei bibelnemnd (Bibelnemndi aat Studentmaallaget) med Heggstad som formann og Sigurd Fjær og Lars Tjensvoll som medlemer. Nemnda hadde det travelt; dei trudde først dei skulle få bibelen ferdig til reformasjonsjubileet i 1917. Dei skjøna snart at dei måtte rekne med fleire år.

Det vart vanskeleg å få noko forlag interessert. Bibelselskapet ville ikkje stå bak ein bibel som ikkje var omsett etter grunntekstane, og andre forlag ville heller ikkje ha boka. Det gjekk òg trått med å skrape saman pengar til tiltaket. I Vestmannalaget i 110 år er kostnaden med boka rekna til kr 200 000 og «det var mange pengar i 1920-åri» (Hannaas, Clausen, Jerdal 1978:242). Peter Hognestad fortel at pengeproblemet vart løyst ved at målorganisasjonane med sete i Bergen skulle garantere for kostnaden med omsetjing og prenting. C.B. Bugge var ein sentral person i dette arbeidet. Bibelnemndi var svært effektiv på alle område. Dei tok både redaksjonelt og økonomisk ansvar. Sigurd Fjær og Sigvart Heggstad var trufaste og effektive medarbeidarar i nemnda.

Tekstane som alt fanst i nynorsk målform, skulle brukast. Resten av omsetjingsarbeidet skulle bytast «mellom ei heil rad gode menn, teologar og andre» (Fjær 1952:272). Sidan dei ikkje kunne få teologar til å gjere alt arbeidet, rekna dei ikkje med at alt kunne omsetjast etter grunntekstane. Dei skulle «byggja omskrifta si på gode, moderne bibelomsetjingar til andre mål, på same måten som dei fleste bibelutgåvene i reformasjonshundreåret bygde på Luthers tyske omsetjing, ikkje på sjølve grunnteksta» (Fjær 1952:272). Det vert nemnt at den nye svenske bibelomsetjinga frå 1917 kunne vere eit høveleg grunnlag, likeins den danske teologen Frants Buhls omsetjing av GT frå 1910, og den islandske bibelomsetjinga frå 1914.

Bibelnemndi fekk rettane hos Bibelselskapet og Det Norske Samlaget og kunne såleis bruke dei tekstane som alt var prenta. Viktig var tekstane frå NT 1899 og dei tekstane som Seippel hadde omsett fram til 1920. Også mange nye omsetjingar måtte til, og Peter Hognestad fekk vel eit tjuetal medarbeidarar som omsette store eller små tekstar frå GT. Dei fleste var teologar, som Bernt Theodor Anker, Jon Mannsåker og Leonard Næss. Nokre hadde ikkje teologisk utdanning, som Kristian Aune, Arne Bergsgård og Erik Eggen.

Desse «lekfolka» skulle omsetje etter nyare nordiske bibelutgåver. Hognestad gjekk nøye gjennom alle tekstar, særleg frå GT. Han var ekspert i hebraisk og hadde undervist i gammaltestamentlege fag på Menighetsfakultetet i Oslo 1908–16. Gustav Indrebø korrigerte språket slik at det vart i samsvar med rettskrivinga frå 1901. Det vart avgjort at Bibelnemndi skulle stå som forleggjar, og at ei underavdeling av Bibelselskapet, Selskapet til Kristelige Andagtsbøkers Utgivelse, skulle ha bibelen i kommisjon. Dette kom då på tittelbladet og påfølgjande side.

Ved jonsoktider i 1921 var bibelen ferdig, og i juli kunne han lysast ut til sal: på vanleg papir med ein pris på frå 5 til 18 kr, på finare India-papir frå 20 til 28 kr. Alle utgåvene hadde same format. Bibelen var prenta i 40 000 eksemplar (Fjær 1952:276). I 1927 måtte eit nytt opplag prentast. Ein siger var vunnen for målrørsla.

1938-bibelen ved Ragnvald Indrebø

I 1938 kom ei revidert utgåve ved Ragnvald Indrebø (1891–1984). Denne bibelutgåva kan seiast å vere ei frukt av at det kom ny, revidert bibel på bokmål i 1930. Av teologiske og kyrkjelege årsaker var det tenleg med ei parallell utgåve på nynorsk. Bibelselskapet var no interessert i å få ut nynorskbibelen, og Indrebø tok i 1933 på seg oppgåva med å revidere førebels-bibelen frå 1921.

Indrebø var på den tida prest i Oslo, og han gjorde revisjonsarbeidet medan han var i full teneste, med unntak av nokre månader då han hadde permisjon frå stillinga. «Så det vart mykje nattarbeid,» uttalte Indrebø i ein samtale (Bondevik 1975).

Manuskripta vart sette i prenteverket etter kvart som Indrebø fekk dei frå seg. Om mandatet for oppgåva sa Indrebø seinare at omsetjinga skulle teologisk vere i samsvar med bokmålsbibelen, og at det ikkje skulle vere metrisk omsetjing av gammaltestamentlege tekstar (Bondevik 1975). Bibelselskapet ønskte òg ei tilnærming i ordbruken til bokmålsbibelen.

Indrebø skulle halde seg til dei same grunntekstane som dei hadde gjort i 1930-bibelen. For GT var dette stort sett den massoretiske teksten. NT skulle omsetjast etter Textus receptus, men visse unntak skulle gjerast når nyare tekstutgåver hadde andre lesemåtar.

Det var ymse ulikskapar i rettskriving og språkføring i 1921-bibelen av di så mange omsetjarar hadde vore med. No skulle 1917-rettskrivinga gjennomførast i den reviderte utgåva. I fleirtal av substantiva fall r bort, i hestarne og grenderne og slike ord, verbformene sagde og lagde vart bytte ut med sa og la. Forma honom vart oftast bytt ut med han, og deim med dei.

Dei metriske omsetjingane som Job og Høgsongen vart kraftig omarbeidde, men Indrebø prøvde å ta vare på noko av rytmen og halde på «ein høglagd stil». Sameleis vart det med Preikaren og Salomos Ordtøke. Nokre linjer frå Salomos Ordtøke (31.29–31) syner dette:

Mange dugande kvinner finst det, men du gjeng yver dei alle. Venleik er fals og fagerleik fåfengd; ei kvinna som ottast Herren, skal prisast. Lat henne njota frukti av sitt arbeid, og hennar verk skal prisa ho i portane.

Indrebø hadde ei trygg språkkjensle, og dei poetiske tekstane fekk ei fin utforming og er lette å lese. I tida etter 1921 hadde Seippel sendt ut fleire nye tekstar både frå GT og NT. Jesaja-boka kom for seint til at Indrebø kunne bruke henne. Desse skriftene vart førte over til den skriftnormalen som Indrebø nytta, og elles er somme av omsetjingsmåtane som Seippel hadde i sine «Umbøtar» og «Avbrigde», valde i staden for hovudteksten. Særlege ord som kunne vere noko avgrensa i bruk både i tale- og skriftmålet, vart bytte ut: munir til eignaluteråkerteig med åkerstykkebera ut eller lysa ut med forkynnavåbøn med forbanningstrid i hugen med forherda. Likeins er somme av dei mest norskkulturelle orda utbytte, til dømes fylke med landslut og høgsete med kongsstol.

Det er sjeldsynt at ei hand fer over heile teksten i Bibelen slik det hende med 1938-bibelen. Føremonen er at det vert heilskap i den språklege og stilistiske utforminga. Ragnvald Indrebø gjorde eit storverk på stutt tid.

Før og etter 1978-bibelen 

Etter 1945 vart det teke opp arbeid med å fornye bibeltekstane både på nynorsk og bokmål. Eivind Berggrav var formann i Det Norske Bibelselskap og sameleis i ein komité av framståande teologar som skulle fastleggje prinsippa for ei ny bibelomsetjing. I november 1956 vedtok landsstyret å setje i gang med «ny oversettelse fra grunnteksten».

Eit primært resultat var den såkalla ungdomsomsetjinga av NT som kom ut i 1961, omsett av Ingolf Kvamen (1908–2000) Det var parallell utgåve til ei bokmålsomsetjing frå 1959 av Vemund Skard (1909–1992). Språket var etter gjeldande rettskriving, og såleis kom a-målet inn i staden for det tradisjonelle i-målet. Omsetjinga er i nokon mon forklarande, så jamført med 1938-bibelen er ho meir ordrik; «parafraserande» vart nemnt i ein kritikk av bokmålsutgåva frå 1959. Ordtilfanget vart noko modernisert: pinse for kvitsunnsoldat for hersvein til dømes. 

I 1970 byrja arbeidet med den nye omsetjinga, og det var Det Norske Bibelselskap som hadde styringa. Omsetjinga vart gjord parallelt for bokmål og nynorsk; det var nytt hos Bibelselskapet. Teologen og filologen Olav Farestveit (1918–91) og teologen Ole Øverland Gjerde (f. 1926) var omsetjarar frå nynorsksida. I motsetnad til dei tidlegare nynorskomsetjarane, som stod tolleg fritt i arbeidet, hadde desse retningslinjer og vedtak i Bibelselskapet å følgje. Det galdt ikkje berre tekstgrunnlaget og lesemåtar, men også språket. Dei skulle forlate Textus receptus som grunntekst til NT og gå over til tekstar som vart haldne for eldre og meir opphavlege. Den grunntekstutgåva dei brukte, var Nestles Novum Testamentum Graece. For GT skulle dei halde seg til den massoretiske teksten frå 3. utgåva av Kittels Biblia Hebraica.

Læreboknormalen frå 1959 skulle i hovudsak følgjast, og dermed vart a-målet innført: soladøraorda (før: solidøri og ordi). Vidare skulle svake hokjønnsord bøyast slik: konekonakonerkonene (før: konakonakonorkonone). I ordtilfanget vart dei sentrale bibelske omgrepa ståande: miskunnrettferdhelgingherleggjera osb. Mange ord som hadde stått i bibelteksten før utan av å vere mykje brukt ålment, vart avløyste av andre, meir vanlege ord. Det gjeld ord som andordast (tala til rette), avrak (utskot), blygd (sømd), herbunad (rustning), herstrid (krig), hermann eller hersvein (soldat), tjeld (telt) – og ei mengd andre ord.

Bibelspråket har jamt over vore eit nasjonalt språk, og ord som er importerte eller «nye» i språket, har det ikkje vore vanleg å bruke. I Bibelen 1978 finst det ein del slike ord, til dømes avskyegoistelementfortvilalidenskappersonspekulasjonupartisk. Grunnteksten har mange innleiingsord og bindeord. Bruken av dei har minka for kvar ny omsetjing, også i 1978-bibelen, der ei mengd og fremst i setninga er tekne bort.

Ein tendens til å setje oftare punktum og dermed bruke fleire hovudsetningar er gjennomgåande i brevlitteraturen. Meining og bodskap var eit leieord for omsetjarane i 1970-åra; dei var påverka av Eugene A. Nidas teoriar. I høve til tidlegare omsetjingar vart det ein snunad i bruken av biletspråk og metaforar, som fekk ein noko avgrensa bruk. Særleg kom dette til syne i salmane. Når til dømes (Guds) munnlippor, handøyrarøyst og andlet/åsyn i Salmane vert ombytte med eit personleg pronomen eller med Gud, vart både breidda og djupna i teksten mindre. Desse nye omsetjingane av bibeltekstane vart noko reviderte og sende ut på nytt i 1985.

I lågkyrkjelege krinsar var det noko misnøye med dei nye omsetjingane frå Bibelselskapet. Carl Fr. Wisløff, Arthur Berg og Thoralf Gilbrant sette i gang med ei ny omsetjing som skulle vere meir konkordant enn meiningsomsetjinga til Bibelselskapet. Språkleg skulle omsetjinga ta vare på dei tradisjonelle orda og omgrepa som folk var vane med. 

Bibelen. Den hellige Skrift kom ut i 1988 på det nyskipa forlaget Norsk Bibel A/S. I 1994 følgde ei samsvarande nynorsk omsetjing: BibelenDen heilage skrift. Her hadde Torbjørn Grønvik (1923–1997) og Asbjørn Mugås (f. 1927) tekstansvaret.

Bibel 2011

Ein ny revisjon av 1978/85-bibelen vart i 1999 sett i gang av Bibelselskapet i samband med ein storstila revisjon av dei liturgiske bøkene og salmeboka. Argumenta for revisjonen var at språket hadde endra seg, og at det trongst ei restituering av biletspråket, særleg i dei poetiske tekstane.

Ei førebels utgåve av NT på nynorsk kom ut i 2005. Her var språket merkt av at mange vanlege nynorskord er utbytte med ord som er felles med bokmål: læresvein var utbytt med disippelkyrkjelyd med forsamlingtrå etter med trakta etter. Teksten var denne gongen omsett etter Nestle og Aland: Novum testamentum Graece, 27. opplaget.

I den nye bibelomsetjinga stod eit stort redaksjonskollektiv for arbeidet. Over førti konsulentar og omsetjarar var med, og desse var organiserte i omsetjargrupper. I kvar omsetjargruppe var det med ekspertar på GT og på NT, dessutan skjønnlitterære forfattarar. Mellom forfattarane var Inger Bråtveit, Jon Fosse, Oskar Stein Bjørlykke og Paal-Helge Haugen.

I desember 2010 godkjende styret i Det Norske Bibelselskap dei komplette omsetjinga av GT og NT. Då var ordet læresvein kome inn att. I nynorskomsetjinga hadde det også vore kontakt med Språkrådets nemnd for ny rettskriving i nynorsk. Dermed var den nye omsetjinga godt i samsvar med den 2012-normalen som Kulturdepartementet fastsette hausten 2011 og som skulle gjelde frå 1.8.2012.

Den nye utgåva av Bibelen kom i sal frå 18. oktober 2011 og vart høgtidleg presenterte i Oslo domkirke dagen etter. Den 26. oktober 2011 vart den nynorske utgåva feira i Ivar Aasen-tunet i Ørsta.

Kjelder

Bibel.no, nettstaden til Det Norske Bibelselskap, www.bibel.no [lesedato 16.10.2011]

Bertil Albrektson: Att översätta Gamla testamentet. SOU 1974:33, s. 18–71. Stockholm 1974 

Anton Aure: Prestar som talar nynorsk. Stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja. Risør 1921

Jarle Bondevik: «Ragnvald Indrebø bak pionerinnsats. Å omsetja Bibelen er vanskeleg kunst». Dagen 27.12.1975

Jarle Bondevik: Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang. Bergen 1992

Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003

«De teologiske prinsipper for ny bibeloversettelse». Norsk teologisk tidsskrift 58, s. 151–71. Oslo 1957

Sigurd Fjær: «Bibelnemnda». Olav Dalgard ofl.: Studentmållaget 50 år, s. 270–77. Oslo 1952 

Torleiv Hannaas, Conrad Clausen og Ludvig Jerdal: Vestmannalaget i 110 år. Bergen 1978

Ragnvald Indrebø: «Litt um norsk bibelumsetjing». Norsk Aarbok 18, s. 110–19. Bergen 1938

Eugene A. Nida: Toward a Science of Translating. With special Reference to Principles and Procedures involved in Bible Translating. Leiden 1964

Birger Olsson: Fri eller ordagrann översättning. SOU 1968:65, s. 256–94. Stockholm 1968

SOU 1968:65 Nyöversättning av Nya Testamentet. Behov och principer. Betänkande avgivet av 1963 års bibelkomitté, s. 349–500. Stockholm 1968

SOU 1974:33 Att översätta Gamla testamentet. Texter, kommentarer, riktlinjer. Betänkande av 1971 års bibelkomitté för Gamla testamentet. Stockholm 1974

Storthingstidende 1881

United Bible Society: 2010 Scripture Language Report. New York 2011

Carl Fr. Wisløff: «Kritiske bemerkninger om den nye bibeloversettelsen». Fast Grunn 32, s.109–12. Oslo 1978 

Peikarar

Nettutstilling om Bibelen på aasentunet.no

Først publisert: 25.10.2011
Sist oppdatert: 12.10.2018