Hopp til innhold
X
Innhald

Frankofoni

Frankofoni (’det å snakke fransk’), omgrep som sidan om lag 1960 er brukt om den fellesskapen (språkleg, kulturelt, politisk og økonomisk) som eksisterer mellom fransktalande område.

Det fransktalande området er land, delstatar og territorium der fransk er morsmål (hovudsakleg område i Europa og Nord-Amerika) eller der det i seinare tid er innført som offisielt språk (som regel tidlegare og noverande franske og belgiske territorium). Det er ein rik fransk litteratur utanfor Frankrike. 


Kvart år blir det halde frankofone toppmøte med statsleiarar frå alle dei frankofone landa. Det er 58 medlemsland i den internasjonale frankofone organisjonen, og 26 observatørar.


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017