Hopp til innhold
X
Innhald

Hjelpespråk

Hjelpespråk, språk som blir brukt til internasjonal kontakt, men som gjerne ikkje er morsmål for dei som brukar det.

Det har vore gjort mange forsøk på å skape nøytrale språk som skulle dekkje dette behovet. Dei mest kjende er volapyk, idiom neutral (interlingua), esperanto, occidental, novial, interglossa og Basic English. Av desse er det berre esperanto som har noka større utbreiing i dag.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017