Hopp til innhold
X
Innhald

Homonym

Homonym (av gresk, eigentleg ’same namn’), ord som har same uttale og/eller skrivemåte som eit anna ord, men ei anna tyding – til dømes bønner (fleirtal av både bønn og bønne), fare (substantiv og verb).

Lyst (adjektiv) og lyst (substantiv) er homonym i skrift («homografar»), men ikkje i tale. Omvendt er til dømes vått og vott homonym i tale («homofone»), men ikkje i skrift.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017