Hopp til innhold
X
Innhald

Hovudformer

Frå 1938 skilde ein i norsk rettskriving mellom hovudformer og sideformer. I bokmål vart skiljet oppheva i 2005, i nynorsk i 2012.

Rettskrivingsreforma i 1938 innførte eit skilje mellom hovudformer og sideformer. Sideformene vart markerte med klammer, og vart òg kalla «klammeformer».

Illustrasjon som viser korleis sideformer, eller «klammeformer» som det òg vart kalla, stod oppført i ordbøkene. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne.

Hovudformene skulle brukast i lærebøker. Elevane kunne bruke sideformer i skriftlege arbeid.

Ved kgl.res. 24. juli 1981vart det fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta.

Skiljet mellom hovudformer og sideformer stod ved lag i bokmål fram til 1. juli 2005, då det vart fjerna. I nynorsk vart skiljet oppheva 1. juli 2012.

Rettskrivingsreforma i 1917 skilde mellom obligatoriske og valfrie endringar i høve til den tidlegare rettskrivinga. Men tanken var at dei obligatoriske dei valfrie formene skulle vere i prinsippet jamstilte.

I landsmålsrettskrivinga frå 1901 vart Hægstad-normalen gjort til offisiell norm, men elevar kunne bruke midlandsnormalen i skriftlege arbeid.

Kjelder

Dag Gundersen: Fra Wergeland til Vogt-komiteen. Oslo 1967

Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen». I Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979

Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalane. En historisk oversikt». I Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Peikarar

Språkrådet: Oversyn over rettskrivingsvedtak og -reformer

Lars S. Vikør: «Rettskrivingsreformer i nynorsk i dette hundreåret», Språknytt nr. 1/1998

Først publisert: 22.12.2010
Sist oppdatert: 19.02.2018