I-mål er ein variant av nynorsk som nyttar former som soli og husi i staden for sola og husa. I-formene var dei opphavlege formene i landsmålet, seinare vart dei sideformer, og i 2012 vart dei tekne bort frå nynorsknorma.

I-målet er kjenneteikna ved at sterke hokjønnsord, det vil seie hokjønnsord som endar på ein konsonant, får endinga -i i bunden form eintal: soli, tidi. Inkjekjønnsord får, med nokre få unntak, i-ending i bunden form fleirtal: husi, åri.

Dette var den bøyinga språkforskar Ivar Aasen valde i Norsk Grammatik i 1864, etter å ha studert talemåla og jamført dei med gamalnorsk. I-endinga fann han i Sogn og Telemark, ei nærskyld e-ending i Telemark, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen.

Ved rettskrivingsreforma i 1917 vart former som sola og tida innførte som valfrie former i landsmålet, ved sida av dei tradisjonelle formene soli og tidi. Inkjekjønnsord fekk valfri fleirtalsform på -a: husa, åra, ved sida av dei tradisjonelle i-formene. Samtidig vart i-forma den obligatoriske i riksmål i ein del særnorske hunkjønnsord, medan alle hunkjønnsord valfritt kunne ha a-form. Obligatoriske og valfrie former i 1917 var lærebokformer og derfor å sjå på som jamstilte hovudformer.

I rettskrivingsreforma i 1938 vart former som sola og tida hovudformer, medan soli og tidi vart sideformer. Former som husa og åra vart hovudformer for inkjekjønnsord, og husi og åri sideformer.

Rettskrivingsreforma i 2012 tok i-formene ut frå nynorsknorma.

I målrørsla har det til tider vore hard strid mellom dei gruppene som stod for i-former og dei som heldt på a-former. Olav H. Hauge høyrer med til dei diktarane som i siste halvdel av 1900-talet nytta i-former. Han heldt heile livet fast ved 1917-rettskrivinga.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Olaf Almenningen ofl. (red.): Språk og samfunn gjennom tusen år. Oslo 2002
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo 2003
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Noen hovedlinjer i norsk språkhistorie fra reformasjonen til våre dager. Oslo 1978
  • Ivar Aasen: Norsk grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Oslo 1965

Kommentarar (3)

skreiv Jon Grepstad

I artikkelen om i-mål står det: «I 1917 ble a-formene tillatt som sideformer (klammeform) i landsmål». Men er det rett? Formene var «valfrie» former, jamstilte med i-formene, etter det eg skjønar, og lærebokformer også etter «Rettleiding um rettskrivingi i lærebøker på landsmål». Jf. Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling, Oslo 1978, s. 314.

svarte Jon Grepstad

PS: Eg ser at siste delen av kommentaren min er unøyaktig.

svarte Guro Djupvik

Hei, Jon!
Takk for gode innspill. Fagansvarlig har nå vært inne og rettet opp teksten, i tråd med din påpekning.

Vennlig hilsen Guro i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg