I-mål
I‑mål er ein variant av nynorsk som nyttar former som soli og husi i staden for sola og husa. I‑formene var dei opphavlege formene i landsmålet, seinare vart dei sideformer, og i 2012 vart dei tekne ut or nynorsknorma.
I‑målet er kjenneteikna ved at sterke hokjønnsord, det vil seie hokjønnsord som endar på ein konsonant, får endinga ‑i i bunden form eintal: soli, tidi. Inkjekjønnsord får, med nokre få unntak, i‑ending i bunden form fleirtal: husi, åri.
Dette var den bøyinga Ivar Aasen valde i Norsk Grammatik i 1864 etter å ha studert talemåla og jamført dei med gamalnorsk. I‑endinga fann han i Sogn og Telemark, ei nærskyld e‑ending i Telemark, Hallingdal, Valdres og Gudbrandsdalen.
Ved rettskrivingsreforma i 1917 vart former som sola og tida innførte som valfrie former ved sida av dei tradisjonelle formene soli og tidi. Inkjekjønnsord fekk valfri fleirtalsform på ‑a: husa, åra, ved sida av dei tradisjonelle i‑formene.
I 1938 vart former som sola og tida hovudformer, medan soli og tidi vart sideformer. Former som husa og åra vart hovudformer for inkjekjønnsord, og husi og åri sideformer.
Rettskrivingsreforma i 2012 tok i‑formene ut or nynorsknorma.
I målrørsla har det til tider vore hard strid mellom dei flokkane som stod for i‑former og dei som heldt på a‑former.
Olav H. Hauge høyrer med til dei diktarane som i andre helvta av førre hundreåret nytta i‑former. Han heldt heile livet fast ved 1917-rettskrivinga.
Kjelder
Olaf Almenningen ofl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Olaf Almenningen ofl. (red.): Språk og samfunn gjennom tusen år. Oslo 2002
Den nye rettskrivning. Reglar og ordlistor utarbeidde ved Den departementale rettskrivningskomite. II Landsmål. Kristiania 1918
Ny læreboknormal 1959. Utgitt av Kirke- og undervisningsdepartementet. Oslo 1959
Ny rettskrivning 1938. Kirke- og undervisningsdepartementets foredrag og innstilling om rettskrivningsreformen. Oslo 1938
Erik Papazian og Botolv Helleland: Norsk talemål. Lokal og sosial variasjon. Kristiansand 2005
Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. Oslo 2003
Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Noen hovedlinjer i norsk språkhistorie fra reformasjonen til våre dager. Oslo 1978
Ivar Aasen: Norsk grammatik. Etter fyrsteutgåva frå 1864. Oslo 1965
Språkrådet: Ny rettskriving for 2000-talet. Innstilling til ny rettskriving for det nynorske skriftmålet, april 2011. Digital utgåve, sprakradet.no: https://www.sprakradet.no/upload/Rettskrivingsnemnda/Innstilling%20nynorsk.pdf [lesedato 14.5.2019]
Peikarar
Lars S. Vikør: «Nynorskrettskrivinga på 1900-talet», sprakradet.no
Sist oppdatert: 26.02.2020