Fisken som kristent symbol
Fisken er nytta som kristent symbol, fordi det greske initialordet (akronymet) ΙΧΘΥΣ (I-KH-TH-U-S), for Ἰησοῦς Χριστός Θεοῦ Υἱός Σωτήρ (Iesoûs Khristós Theoû Huiós Sōtḗr) 'Jesus Kristus, Guds Son, Frelsar', svarer til det greske ord for 'fisk': ἰχθύς (ikhthús).
Av .
Lisens: Public Domain

Initialord, også kalla bokstavord, er ord som er laga av den første bokstaven eller dei første bokstavane (ofte ei staving) i orda i eit uttrykk, som DNA, laser, NATO, radar og Gestapo.

Faktaboks

Uttale
initiˈalord
Etymologi

av latin initium 'byrjing'

Dei to hovudtypane

Den første bokstaven i kvart ord

I desse eksempla er kvar bokstav den første i eit ord — ofte slik at nokre småord ikkje er med i forkortinga, som of i mellom anna USA og OPEC:

  • USA ⇦ United States of America
  • EØS ⇦ Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet
  • SAS ⇦ Scandinavian Airlines System
  • OPEC ⇦ Organization of Petroleum Exporting Countries
  • EFTA ⇦ European Free Trade Association
  • NATO ⇦ North Atlantic Treaty Organisation
  • CD-ROM ⇦ compact disc read-only memory
  • laser ⇦ light amplification by stimulated emission of radiation
  • PIN ⇦ Personal Identification Number
  • PC ⇦ Personal computer

I nokre tilfelle er det med forbokstavar frå samansetningsledd, her merkt med ein bindestrek:

  • DNA ⇦ deoxyribo-nucleic acid
  • TV/tv ⇦ tele-visjon

Dei første to eller fleire bokstavane i kvart ord

Når det er teke med fleire bokstavar, er det oftast ein eller fleire konsonantar (K) pluss ein vokal (V), av og til ein ekstra konsonant:

  • KV-KV-KVK: Benelux ⇦ Belgia, Nederland, Luxembourg
  • KVK-KVK: PALKOM ⇦ Palestinakomiteen
  • KV-KKV-KV: Gestapo: Geheime Staatspolizei

Dette initialordet er ei blanding av dei to typane:

  • KV-K-V-K: radar ⇦ radio detecting and ranging

Skrivemåte

Dersom initialordet er eit eigennamn (særnamn), kan det skrivast med berre store bokstavar, eller med stor forbokstav og elles små:

  • NATO eller Nato

Er initialordet eit fellesnamn (samnamn), er berre store eller berre små bokstavar valfritt:

  • TV eller tv
  • EDB eller edb

Uttale

Det finst tre måtar å uttale initialord på, som er forklarte nedanfor.

Uttale ved staving

Nokre initialord blir uttalte ved eit ein stavar dei, bokstav for bokstav. Her er uttalen:

  • USA — [u-ess-a]
  • DNA — [de-enn-a]
  • EØS — [e-ø-ess]
  • TV / tv — [te-ve]
  • PC / pc — [pe-se]

Uttale som vanlege ord: akronym

Initialord som blir uttalte ved at forkortinga blir lese som om det var vanlege ord, blir kalt eit akronym:

  • OPEC — [opek]
  • EFTA — [efta]
  • NATO / Nato — [nato]

I nokre tilfelle kan det uttalast ved staving eller som eit akronym:

  • SAS — [ess-a-ess] eller [sass]

Eller eitt ledd blir stava eitt ledd blir uttalt som akronym:

  • CD-ROM — [se-de-romm]

Frå staving til vanlege ord

Ein relativt ny type er uttale ved staving som har endra seg til å få ein uttale som eit vanleg ord. Her er to velkjende døme:

FORKORTING ELDRE UTTALE NYARE UTTALE
TV / tv [te-ve] [teve]
PC / pc [pe-se] [pese]

Den nyare uttalen læt ikkje lenger som ei staving av T + V eller P + C. Uttalen [teve] rimar med verbet leve og uttalen [pese] har same uttale som verbet pese. I ein vitskapleg IPA-transkripsjon av uttalen i Oslo-området blir det [²tʰeːvə] og [²pʰeːsǝ].

Initialord i motsetnad til vanlege forkortingar

Initialord må skiljast frå vanlege forkortingar som blir uttalte uforkorta:

  • vi skriv kr., men seier krone eller kroner
  • vi skriv dvs., men seier det vil seie
  • vi skriv osv., men seier og så bortetter
  • vi skriv osb., men seier og så vidare
  • vi skriv fvt. men seier før vår tidsrekning
  • vi skriv t.d., men seier til dømes
  • vi skriv f.eks., men seier for eksempel

Historie

Initialord og akronym er kjende sidan antikken.

Dei tidlege kristne brukte dette greske initialordet (og akronymet):

  • ΙΧΘΥΣ (I-KH-TH-U-S)
  • intialord for Ἰησοῦς Χριστός Θεοῦ Υἱός Σωτήρ (Iesoûs Khristós Theoû Huiós Sōtḗr)
  • som tyder 'Jesus Kristus, Guds Son, Frelsar'

Dei representerte det òg med ei teikning av ein fisk, sidan ἰχθύς (ikhthús) er det greske ordet for 'fisk'.

I Evangeliet etter Johannes 19,19–20 står det:

  • Pilatus hadde laga ei innskrift og sett på krossen. Der stod det skrive: «Jesus frå Nasaret, kongen over jødane.» Mange av jødane las denne innskrifta, for staden der Jesus vart krossfest, låg nær byen, og innskrifta var på hebraisk, latin og gresk.

Den latinske varianten er Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum, med den kjende forkortinga INRI.

Det er ein jødisk tradisjon sidan mellomalderen å bruke initialord uttalte som eigne ord, det vil seie som akronym. Den jødiske Bibelen, som kristne kallar Det gamle testamentet, blir på hebraisk omtalt som תנ״ך Tånåk‎ [tɒˈnɒx] (oftast skrive Tanakh) der t (ת), n (נ) og k (ך) er forbokstavane i namna på dei tre delane:

  • תורה Tora [toˈra] (Lova/Mosebøkene)
  • נביאים Nbi'im [nǝviˈʔim] (Profetane)
  • כתובים Ktubim [kǝθuˈvim] (Skrifta).

Slike akronym er markerte med teiknet ״ (גרשים geršajim) mellom dei to siste bokstavane, som i תנ״ך tn״k.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg