Hopp til innhold
X
Innhald

Konkordans

Konkordans (av seinlatin, eigentleg ’samsvar’, til cor, ’hjarte’), alfabetisk register over alle ord i eit litterært verk med spesifikasjon av kvar i verket ordet opptrer.

Slike register er utarbeidde til Bibelen (bibelkonkordans) og til dømes til forfattarar som Dante, Shakespeare og Darwin.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017