Hopp til innhold
X
Innhald

Konnotasjon

Konnotasjon (av latin), tilleggstyding, særleg om det som meir eller mindre tydeleg ligg i eit ord eller uttrykk utanom den direkte tydinga.

Ord som raud, blå, grøn og så vidare har til dømes konnotasjonar, både når det gjeld kjensler og politikk. Den direkte tydinga blir kalla denotasjon.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017