Hopp til innhold
X
Innhald

Korrektur

Korrektur (av latin correctura, ’betring’), det å sjå til at ein sats eller ein reproduksjon samsvarer med originalmanuskriptet eller dei rettskrivingsreglane som gjeld.

Nokre gonger blir korrekturen gjord på eit korrekturavtrykk eller prøvetrykk. Tidlegare var det vanleg å bruke såkalla korrekturteikn. No bruker ein gjerne kommentar- eller rettefunksjonane i eit digitalt tekstbehandlingsprogram.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 07.12.2017