Hopp til innhold
X
Innhald

Lånord

Lånord, ord som er tekne opp i eit språk frå eit anna, og som ikkje lenger kjennest framande. 

I språkvitskapen skil ein mellom importord og arveord. Importord er ord som har kome inn i eit språk frå eit anna språk, arveord er ord som høyrer til det opphavleg nedarva ordtilfanget i  språket. Døme på importord i norsk er «image», «kjeks», «potet» og «sjal»; døme på arveord er «far», «mor», «ord» og «år».

 

Ei undersøking (Sandøy og Östman 2004) viser at 44 prosent av ordstammane i  Nynorskordboka er importerte, 56 prosent av ordstammane er arveord. Nynorskordboka har ca. 90 000 ord fordelte på om lag 30 000 ordstammar.

 

Når det gjeld importord, skil ein mellom lånord og framandord. Lånord er ord som er tekne opp i eit språk frå eit anna, og som ikkje lenger kjennest framande fordi dei er tilpassa låntakarspråket når det gjeld skrivemåte, bøying og uttale. Døme på lånord er «kjeks», «potet» og «sjal».

 

Framandord er ord som er tekne opp frå eit anna språk utan å vere fullt tilpassa låntakarspråket i skrivemåte, bøying eller uttale. Døme på framandord er «image», «offshore», «policy», «force majeure».

 

Nemninga «lånord» blir stundom nytta med same tyding som «importord», som er eit uttrykk av nyare dato.

 

Kjelder 

David Crystal: Dictionary of Language and Languages. London 1994

Fredrik Otto Lindeman og Harald Bjorvand: Våre arveord. Etymologisk ordbok. Oslo 2000

Helge Sandøy: Lånte fjører eller bunad? Om importord i norsk. Oslo 2000

Helge Sandøy og Jan-Ola Östman (red.): «Det främmande» i nordisk språkpolitik. Oslo 2004

 

Peikarar

Helge Sandøy «Lån eller import?». Språknytt, nr. 4/1997 

Helge Sandøy «Importerte ord i 1905». Språknytt, nr. 1–2/2005 

Språkrådet: Lånte fjører eller bunad? Om norsk skrivemåte av importord. Utgreiing for Kulturdepartementet og Norsk språkråd. 1997 

Først publisert: 09.01.2018
Sist oppdatert: 09.01.2018