Hopp til innhold
X
Innhald

Læreboknormal

Læreboknormal, den rettskrivinga som tidlegare skulle brukast i lærebøker og i statstenesta. I 2005 fall skiljet mellom læreboknormal og klammeformer bort i bokmål, og i 2012 vart skiljet oppheva også i nynorsk.

I samband med rettskrivingsreformene etter riksmålsreforma i 1907 vart det etablert ein normal til bruk i lærebøker. Det galdt reformene i 1917, 1938, 1959 og bokmålsreforma i 1981.

I dei seinare reformene bestod læreboknormalen av hovudformene i rettskrivinga. Sideformene eller «klammeformene» fall utanfor. Men elevane kunne bruke desse formene i skriftlege arbeid.

Illustrasjon som viser korleis sideformer, eller «klammeformer» som det òg vart kalla, stod oppført i ordbøkene. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

Illustrasjon som viser korleis sideformer, eller «klammeformer» som det òg vart kalla, stod oppført i ordbøkene. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne.

Ved rundskriv frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet 1. september 1959 vart læreboknormalen innført for statstenesta. Men det oppstod strid om dette prinsippet, og plikta til å bruke læreboknormalen vart i røynda suspendert frå om lag 1970 sjølv om det ikkje vart gjort formelt vedtak om det.

Seinare, ved kgl.res. 24. juli 1981, vart det på nytt fastsett at hovudformene skulle brukast i statstenesta.

I 2005 vart skiljet mellom hovudformer og sideformer fjerna i bokmål. Og i 2012 vart skiljet også oppheva i nynorsk.

Kjelder

Sigve Gramstad og Kåre Lilleholt: Lov om målbruk i offentleg teneste med kommentarar. Oslo 1983

Alf Hellevik: «Forholdet mellom hovud- og sideformer i rettskrivingsnormalen», Språkrøkt og språkstyring. Oslo 1979

Ernst Håkon Jahr: «Om 'hovedformer', 'jamstilte former' og 'sideformer' i skriftnormalene. En historisk oversikt», Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992

Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Peikarar

Språkrådet: Oversyn over rettskrivingsvedtak og -reformer

Lars S. Vikør: «Rettskrivingsreformer i nynorsk i dette hundreåret», Språknytt nr. 1/1998

Først publisert: 31.01.2011
Sist oppdatert: 19.02.2018