Hopp til innhold
X
Innhald

Målform

Målform, nemning som i offisiell språkbruk vert nytta om skriftspråka bokmål og nynorsk.

I offisiell språkbruk er norsk eit «språk», medan bokmål og nynorsk er «målformer». Denne bruken av «målform» voks fram tidleg på 1900-talet, medan ein òg nytta ordet «mål» på landsmål og «sprogform» på riksmål. I Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen av Hans Eitrem, Amund B. Larsen og Steinar Schjøtt i 1909 vert såleis «sprogform» og «maalform» brukte om einannan.
I Ot.prp. nr. 23 (1929), der lov om målbruk i statstenesta vart lagd fram, er «målform» nytta, slik ordet òg vart nytta i sjølve lovteksten. Men i kgl. res. 29. januar 1932, som gav nærmare reglar for målbruken i staten, nyttar ein «mål».
Etter krigen vart «målform» den vanlege nemninga for bokmål og nynorsk i offisielle samanhengar, og det er denne nemninga som er brukt i mellom anna lov om målbruk i offentleg teneste frå 1980.
Ordet «målform» må skiljast frå ordet «målføre», som tyder dialekt.
 
Kjelder
Eli Bjørhusdal: Mellom nøytralitet og språksikring. Norsk offentleg språkpolitikk 1885–2005. Institutt for lærarutdanning og skoleforsking, Det utdanningsvitskaplege fakultet, Universitetet i Oslo. Oslo 2014
Norsk Ordbok, bd. 8. Oslo 2009
Um målbruk i statstenesta. Lov frå 6. juni 1930 og kongeleg resolusjon frå 29. januar 1932, med kommentar frå Kyrkjedepartementet (1932)
Utredning av spørsmaalet om et mulig samarbeide mellem landsmaal og riksmaal i retskrivningen. Ved H. Eitrem, Amund B. Larsen og S. Schjøtt. Tillæg 3 til Universitets- og Skoleannaler for 1909 (1909)
 
Jostedalsrypa [Eli Bjørhusdal]: «Det underlege omgrepet målform», blogg 30.11.2009, http://www.jostedalsrypa.no/blogg/?p=1365 [lesedato 18.06.2010] 


Først publisert: 31.01.2011
Sist oppdatert: 04.11.2014