Hopp til innhold
X
Innhald

Metonymi

Metonymi (av gresk metonymía, ’omnemning’), det at eit ord eller uttrykk blir teke i bruk om noko anna som er nærliggjande i til dømes tid, rom eller årsak, som når vi seier at kjelen kokar, og meiner innhaldet i kjelen, eller når vi seier at nokon kan sin Ibsen, og meiner innhaldet i verka til Ibsen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.12.2017
Sist oppdatert: 08.12.2017