Foreldreaksjonen mot samnorsk

Foreldreaksjonen mot samnorsk tok initiativ til å rette skulebøkene til barna frå samnorsk til riksmål. Biletet viser leiaren for foreininga, Leif Wærenskjold, som rettleier ei mor i korleis rettinga skulle utførast

Foreldreaksjonen mot samnorsk
Av /NTB Scanpix.

Samnorsk var eit tenkt framtidig skriftspråk bygd på sameining av bokmål og nynorsk. Gjennom det meste av 1900-talet var det offisiell norsk politikk å arbeide for å fremme og stimulere ei slik samanveksing, ikkje minst gjennom ein aktiv statleg normeringspolitikk for begge målformer.

Til å byrje med var samnorsk berre eit adjektiv med tydinga ’fellesnorsk’. Historikaren Ernst Sars og folkloristen Moltke Moe var mellom dei første som tok i bruk begrepet. Bakgrunnen var at det til da einerådande riksmålet (òg kalla «dansk-norsk») var utfordra av ei rørsle som arbeidde for Ivar Aasens landsmål som det framtidige norske målet. Kring 1900 var det vanlege synet at det eine språket måtte vinne over og fortrenge det andre. Sars og Moe og andre åtvara mot dette og hevda at begge språk- og kulturtradisjonane var umissande delar av den norske historia og kulturen som begge måtte dyrkast og på lang sikt vekse saman i «et samnorsk sprog, vokset op av de levende talemaal, byernes som bygdernes», som Moltke Moe uttrykte det i 1909.

Ei gjensidig tilnærming mellom dei to skriftspråka med tanke på ei (fjern) framtidig samanveksing var hovudmålsettinga for den offisielle norske språkpolitikken frå 1917-rettskrivinga av. Ordet samnorsk vart ikkje så mykje brukt i dei første tiåra av 1900-talet. Først etter 1945, da riksmålsrørsla voks fram som ei kraftig motstandsrørsle mot denne politikken, vart samnorsk eit sentralt ord i norsk språkstrid, og da med negativt forteikn. Riksmålstilhengarane brukte ordet som eit namn på det som elles vart kalla «radikalt bokmål» eller «bokmål med tilnærmingsformer», og ordet fekk ein skjellsordkarakter som prega ordskiftet og striden om språk i fleire tiår etter krigen.

Rettskrivingsreformene i 1917 og 1938

I rettskrivingsreformene både i 1917 og 1938 var språkleg samling «på norsk folkemåls grunn» ei langsiktig målsetjing.

Rettskrivinga i 1917 innførte valfrie former, og formene var ofte tilnærmingsformer. I bokmål tok ein såleis inn valfrie former som «bru», «bu», «tru», og valfrie bøyingsformer som «sola», «boka» og «gata». I nynorsk vart former som «sola» og «boka» innførte som valfrie ved sida av dei tradisjonelle formene «soli» og «boki».

I rettskrivingsreforma i 1938 heldt tilnærminga fram også for hovudformene. I bokmål fekk mange hokjønnsord obligatorisk -a i bunden form, som «sola», «boka» og «gata». I nynorsk vart former som «sola» og «boka» hovudformer, medan «soli» og «boki» vart sideformer.

Reaksjonen i 1950-åra

Etter andre verdskrigen voks det fram sterk kritikk av 1938-reforma og tilnærmingslinja i det heile.

For målrørsla førte 1938-reforma til ei kløyving i to hovudleirar. Men kritikken vart særleg sterk frå den tradisjonelle bokmålssida.

Skulestyret i Oslo hadde i 1939 gjort vedtak om å leggje dei radikale formene til grunn i Oslo-skulen. Vedtaket vart retningsgivande for andre skulestyre, skulebokforlaga følgde opp, og frå 1949 og framover kom reaksjonane for alvor.

Foreldreaksjonen mot samnorsk samla inn over 400 000 underskrifter i 1953, foreldre byrja å streke over dei radikale formene i skulebøkene, det vart varsla rettssak mot departementet, og etter mykje strid gjekk departementet i april 1954 med på at det skulle givast ut skulebøker med tradisjonelle bokmålsformer.

Den neste rettskrivingsreforma, læreboknormalen frå 1959, tok inn ein del tradisjonelle verbformer i bokmål (bøyingsformer som «danste» og «grøste», vart skifta ut med «danset» og «grøsset», sidestilte med «dansa» og «grøssa»). I nynorsk vart derimot mange tilnærmingsformer som før hadde vore sideformer, gjorde til jamstilte hovudformer (som «høre», «skole», «søndag», ved sida av «høyre», «skule», «sundag»).

Vogt-komiteen og Norsk språkråd

I 1964 vart Vogt-komiteen nedsett for å drøfte den norske språksituasjonen. Da tilrådinga vart lagd fram i 1966, peika komiteen i samandraget på at tradisjonelle riksmålsformer som var levande i litteraturen, ikkje var tillatne i lærebøker og heller ikkje i elevarbeid. Komiteen gjekk ut frå at «det foreslåtte språkvernråd» ville ta denne saka opp.

Da språkvernrådet, Norsk språkråd, vart skipa i 1972, vart den første store oppgåva å utarbeide framlegg til revidert rettskriving i bokmål. Forslaget som vart lagt fram i 1979, opna for mange tradisjonelle former i bokmål og vart vedteke av Stortinget i 1981.

Tilnærmingspolitikken blir formelt oppheva

Medan Norsk språknemnd, som var rådgivande organ for styresmaktene 1952–1971, hadde til oppgåve å «fremja tilnærming mellom dei to skriftmåla på norsk folkemåls grunn», var denne formuleringa fjerna frå mandatet til Norsk språkråd.

Men i lov om Norsk språkråd av 18. juni 1971 var det i paragraf 1 fastsett at rådet mellom anna skulle «fremme samarbeid i dyrkingen og normeringen av våre to målformer og støtte opp om utviklingstendenser som på lengre sikt fører målformene nærmere sammen».

Paragrafen vart kalla «tilnærmingsparagrafen», men var stort sett ein sovande paragraf som fekk lite å seie. I 2002 vart paragrafen oppheva av Stortinget. Dermed gjekk styresmaktene bort frå det langsiktige målet om å skape eit felles norsk skriftspråk.

Ved den neste bokmålsreforma, i 2005, vart ein del tilnærmingsformer fjerna og nokre tradisjonelle riksmålsformer tekne inn i rettskrivinga. Ved nynorskreforma i 2012 vart det fjerna ein del austnorske former fordi dei òg kunne reknast som tilnærmingsformer.

Landslaget for språklig samling

Medan vinden tok til å snu mot slutten av 1950-åra, vart Landslaget for språklig samling (LSS) skipa i 1959. Føremålet var å arbeide for språkleg samling ved å gi det folkelege talemålet i landet sosial og kulturell oppreising, og å arbeide for eitt samlande norsk skriftspråk bygd på folkemåla i bygd og by. I 1966 utarbeidde LSS Framlegg til samlenormal.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olaf Almenningen mfl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Framlegg til samlenormal. Landslaget for språklig samling, Oslo 1966
  • Kristian Ihle Hanto: Ideologiar i norsk målreising. Oslo 1986
  • Ernst Håkon Jahr: Innhogg i nyare norsk språkhistorie. Oslo 1992
  • Carl Keilhau: 10 argumenter for riksmål mot samnorsk. Riksmålsforbundet, Oslo 1955
  • Hartvig Kiran: Aksjon mot reaksjonen. Opplysningsnemnda for norsk mål, Oslo 1957
  • Lars Roar Langslet: I kamp for norsk kultur. Riksmålsbevegelsens historie gjennom 100 år. Oslo 1999
  • Arne Torp og Lars S. Vikør: Hovuddrag i norsk språkhistorie. 4. utgåve. Oslo 2014
  • Lars S. Vikør og Geirr Wiggen (red.): Språklig samling på folkemåls grunn. Oslo 1979
  • Lars Sigurdsson Vikør: Vegen fram til ett språk. Oslo 1968
  • Finn-Erik Vinje: Et språk i utvikling. Oslo 1978

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg